Norske avisredaktørar ønskjer å bruke meir ressursar på nettet

 Arild Nybø

 26.mars 2009

I ei større nettundersøking som Mediebruket har gjennomført i norske aviser våren 2009, har enkelte resultat utkrystallisert seg etter at 73 avisredaktørar og nettansvarlege i aviser no har svart.

Ingen kioskveltar, men greitt å få det svart på kvitt:

På påstanden «Eg hadde ønskt at vi hadde brukt meir ressursar på nettet i vår mediebedrift» er 84 % «Heilt einig» eller «Litt einig» (raudt og blått kakestykke på diagrammet).
Berre 12 % svarar «Heilt ueinig» eller «Litt ueinig».

64 % er ueinige i påstanden: «Vår mediebedrift brukar tilstrekkeleg med ressursar på nettet».
29 % er einige. Resten svarar «Verken/eller».

Svar på påstanden: «Eg hadde ønskt at vi hadde brukt meir ressursar på nettet i vår mediebedrift»:


– Har god nok kompetanse

62 % er einige i påstanden «Vi har i eiga bedrift den kompetansen vi treng for å drive ein god nyheitsnettstad.»
26 % er usamde i denne påstanden.


Flest sjefredaktørar

52 % av dei som har svart er eineleiar i avisa eller sjefredaktørar, medan 41 % er nettredaktørar.

81 % av respondentane har redaktøransvar, 75 % har personalansvar og 67 % oppgir at dei har budsjettansvar.

Redaktørar på Vestlandet er den største gruppa blant dei som har svart på undersøkinga hittil (er det fordi den er på nynorsk?). Og naturleg nok, sidan det er dei det er flest av her i landet, er det flest redaktørar i fådagarsaviser som har svart.

Sjå også:
– Dagleg kontakt med lesarane på nettet er svært viktig, meiner dei nettansvarlege. Sjefredaktørane er ikkje heilt overtydd om det same.