Ulike typar vertskap på sosiale nettstader

 Arild Nybø

 17.mars 2009

Etter ein del prøving og feiling med nettstader med brukarskapt innhald, først og fremst Origo.no, har eg gjort følgjande erfaringar med ulike måtar å utøve vertskapet på. Eg har delt dei inn i desse modellane:

Passiv modell

  • Vert: Bidrar ikkje sjølv bortsett frå å skrive ei eller to oppfordringar på nettsida der dei ber dei inviterte brukarane om å bidra. Skjønar ikkje kvifor folk er så giddalause, og tenkjer med seg sjølv at dei har seg sjølve å takke.
  • Brukar: Kjenner seg provosert, og ser ikkje vitsen med å bidra når ikkje vertskapet sjølv gidd å gjere det. (Det tek raskt til å gro grønske på slike soner, og tonen blir ofte negativ).
  • Løysing: Vertane bør invitere potensielle bidragsytarar inn i vertskapet gjennom ein personleg invitasjon, der brukaren får vite konkret kva det er ønskjeleg at ho eller han bidrar med.

Overivrig modell

  • Vert: Bidrar sjølv svært aktivt med innlegg og bilete. (Rake motsetningen til passiv-modellen). Tenkjer at «det skal i alle fall ikkje stå på meg» og «det er ikkje mi feil om denne nettstaden blir ein fiasko».
  • Brukar: Tykkjer at vertskapet er så aktivt at dei sjølv ikkje kjenner behov for å bidra. Og dei som prøver seg føler at bidraga deira druknar i alle bidraga frå vertskapet.
  • Løysing: Vertane bør ikkje poste meir enn maks. eitt innlegg for kvart innlegg som andre postar. Vertane må skryte av alle som bidrar. Ein del innlegg frå vertane må vere konkrete pørsmål og oppmodingar. (Vertar som vil legge ut alle sine tankar og bilete bør heller lage sin eigen private nettstad.)

Proff modell

  • Vert: Vertskapet består utelukkande av profesjonelle mediefolk som kan bruke arbeidstida til å bidra. Passar til nettstader der mediebedrifta vil ha full kontroll, og ønskjer å vere einaste hovedbidragsytarar.
  • Brukar: Skjønar ikkje vitsen med at dei sjølve skal bidra, fordi vertskapet trass alt har betalt for å gjere jobben. Samanliknar nettstaden med tradisjonell nettavis med annonseinntekter, og vert ikkje motiverte til å bidra.
  • Løysing: Inviter andre (ikkje mediefolk) inn i vertskapet, gje dei ansvar og la dei få ei synleg rolle. Skriv gjerne eit innlegg om dei, støtt dei i det skjulte, og la dei få overta showet. Send dei ei julehelsing og takk dei for innsatsen så langt.

Motiverande modell

  • Vert: Dei mest synlege vertane er frivillige (i enkelte tilfelle med profesjonell hjelp hos mediefolk dersom dei ønskjer det). Bidrar ein del sjølv, men mange av vertane sine innlegg endar med spørsmål eller oppmodingar. Passar på å ikkje overskygge andre brukarar, og gir positive tilbakemeldingar.
  • Brukar: Kjenner at innsatsen deira er samfunnsnyttig, får positive tilbakemeldingar, og vert motivert til å bidra stadig meir. Stadig fleire torer å bidra, og effekten vert sjølvforsterkande.
  • Løysing: Denne modellen ser ut til å vere den som fungerer best. Brukarane og vertskapet som er rekruttert blant brukarane fungerer som ambassadørar for nettstaden. Modellen krev likevel innsats over tid, så det er viktig å fordele ressursbruken slik at det ikkje blir bråstogg i bidraga når den første interessa går over.

Glitrande døme på Origo-soner som har suksess basert på den motiverande modellen er Fjærland-sona og Jølster-sona, der vertskapet motiverer med innlegg som dette, der dei først gir litt, og deretter ber om å litt.

Sjå også: