– Dagleg kontakt med lesarane på nettet er svært viktig, meiner dei nettansvarlege.

Sjefredaktørane er ikkje heilt overtydd om det same.

 Arild Nybø

 23.april 2009

I samband med utviklinga av forretningsplan for firmaet Mediebruket våren 2009 har eg sendt ut ei spørjegransking til norske avisredaktørar, direktørar og nettansvarlege. Alle har ikkje svart på alle spørsmål, og derfor varierer talet på respondentar frå spørsmål til spørsmål. Dessutan har eg skilt ut svara til dei ulike gruppene. Resultata er på ingen måte vitskap, og er først og fremst meint for intern bruk i samband med forretningsplanen. Men enkelte resultat kan gi ein liten peikepinn på korleis stoda er, og dei vil eg dele på desse sidene.

Her er resultata frå spørsmåla om kva dialog mediet har med nettbrukarane sine.

– Kor viktig er dagleg kontakt?

Når vi spør dei nettansvarlege kor viktig dei meiner det er å ha dagleg dialog med brukarane på nettet for å oppnå suksess med nettstaden, så svarar samtlege (100 %) at det er «svært viktig» eller «litt viktig». 12 av 19 (63 %) meiner det er «svært viktig».

Sjefredaktørane har ikkje så stor tru på dette, og 10 av 26 (38,5 %) meiner dagleg dialog er «svært viktig», 11 av 26 (42 %) meiner dialogen er «litt viktig».

Konklusjon:
Dei nettansvarlege er i mykje større grad enn sjefredaktørane overtydde om at dagleg dialog på nettet med nettbrukarane viktig for at nettstaden skal ha suksess.

– Kor gode er de på dette i dag?

På spørsmålet «Kor god meiner du nettstaden dykkar er på dagleg dialog på nettet med brukarane?» svarar 0 av 25 sjefredaktørar «svært god», medan 9 av 25 (36 %) svarar «litt god».

Når vi spør dei nettansvarlege om det same svarar 4 av 19 (21 %) av dei «svært god», og 8 av 19 (42 %) svarar «litt god».

Oppsummering:
2 av 3 nettansvarlege meiner at nettmediet dei har ansvaret for er svært gode eller litt gode på dagleg dialog på nettet med brukarane. Berre 1 av 3 sjefredaktørar meiner at dei er «litt gode», og ingen vil påstå at dei er «svært gode».

Konklusjon:
Ut frå svara er det mest nærliggande å tru at dei nettansvarlege har meir kontakt med brukarane enn sjefredaktørane er klar over, eller alternativt så set dei nettansvarlege mindre krav enn sjefane sine til kva som er godt nok når det gjeld dialog med brukarane.


Her er rollane til dei som har svart på undersøkinga:


Og her er mediene dei jobbar i:

(Totalt har 105 svart på undersøkinga, men alle har ikkje svart på alle spørsmål.)

Sjå også:
Norske avisredaktørar ønskjer å bruke meir ressursar på nettet