Slik fekk vi 50.000 Facebook-følgjarar

 Arild Nybø

 6.september 2011

I Mediebruket ville vi som eit eksperiment teste kor mange medlemer vi kunne få på ei norsk Facebook-side, med minimal bruk av tid og pengar, og utan bruk av konkurransar og «ulovlege» vervekampanjar. Det gjekk over all forventning.

MÅLET var altså å få flest mogleg følgjarar på ei Facebook-side, og ikkje nødvendigvis gjere noko som er så frykteleg samfunnsnyttig.

Det første vi gjorde var å definere MÅLGRUPPA. For å gjere det enkelt, men ambisiøst, valde vi målgruppa: «Alle nordmenn som brukar Facebook».

Deretter funderte vi på kva interesse alle desse har til felles, og konkluderte kjapt med teorien «Alle nordmenn som er på Facebook er interesserte i tips og nyheiter om Facebook på norsk».

STRATEGIEN for sida vart dermed å dagleg tilby nyheiter og tips på norsk om Facebook. Vi ville ikkje opprette ei blank side og be brukarane bidra. Vi veit av erfaring at den strategien sjelden fungerer. Dei som ferdast på internett har gjerne dårleg tid, tenkte vi. Dersom vi kan spare vi tid for dei som følgjer sida ved at dei kan vere nokolunde trygge på at viktige nyheiter om Facebook hamnar på deira eigen vegg, og dei slepp å bruke tid på å oppsøkje nyheitene sjølve, så ville det truleg vere ein modell som virka. Og det virka!

METODEN vi valde var å sanke RSS-straumar frå norske online-medier, og deretter filtrere ut alle artiklar som har orda «facebook» eller «fjesboka» eller variantar av desse i tittel eller ingress. Til dette brukte vi Yahoo! Pipes, og deretter RSS Grafitti for å poste lenkene på Facebook-sida med jamne mellomrom. Gratis begge deler. RSS Grafitti har vi stilt inn slik at den ikkje spammar veggen til følgjarane, og det dryp inn 1-2 innlegg dagleg i snitt.

Etter at dei første innlegga hadde blitt automatisk posta, tok vi og inviterte inn våre private kretsar. Etter ei kort stund kom medlemstalet opp i 500, og der vart det ståande så og seie heilt i ro. Då fann vi ut at vi måtte gje ei lita vitamininnsprøyting, og kjøpte annonsering på Facebook for i underkant av 1.000 kroner i juni 2010. Det fungerte. Talet på følgjarar steig meir enn talet på klikk på annonsa. Det vil seie at vener av dei som klikka «Liker» såg kva Facebook-venen deira hadde gjort, og ville gjere det same. Dermed tok det av, og vi kutta annonseringa.

Talet på tilhengarar steig jamnt i nokre veker fram til vi nådde like under 5.000. Då stoppa det heilt opp att. I desember brukte vi nokre hundre kroner på Facebook-annonsering att, fram til vi passerte 5.000, som tydelegvis var ei magisk grense. Då kutta vi annonsene, og det skaut plutseleg voldsomt fart av seg sjølv. Den virale spreiinga slo til for fullt. På to veker var talet over 35.000. Etter den tid har det stige med 10-100 dagleg, og flata omtrent ut då vi nådde 48.000 følgjarar:

Eit par gonger i veka sjekkar vi sida, fjernar spam og tek vekk likelydande saker (media som skriv om internett og Facebook snappar veldig raskt opp sakene til kvarandre, og lagar sine eigen versjonar med i prinsippet same innhaldet).

Smått om senn nærmar det seg 50.000 følgjarar, etter at vi har hatt forsøket gåande i vel eitt år. Som det går fram av statistikken ovanfor er 82 % mellom 13 og 17 år. Dette talet har gått nedover, truleg fordi dei første medlemene no har fylt 18.

Eit vanleg innlegg/post blir i snitt vist på følgjarane sin vegg mellom 10.000 og 20.000 gonger, og slik sett er vi nok med på å føre ein god del trafikk tilbake til kjelda for artikkelen. Mellom 0,02 % og 0,05 % klikkar «Liker» på sjølve linken til artikkelen, eller kommenterer den.

Vi har ingen planar om å tene pengar på dette. Men vi har iallefall eit stort publikum den dagen vi sjølve har noko spennande å formidle. Vi vil så fall skrive noko relevant for sida, for vi vil ikkje bryte «kontrakten» med dei som har valt å følgje Fjesboka på Facebook. Kanskje dette blogginnlegget vil vere relevant?