Slik hamna Ditec i Førde på topp hos Google
– 5 enkle tips til korleis du kan oppnå det samme

 Guro Bryn Høgheim

12.september 2013

Søkemotoroptimalisering (SEO) handlar om å gjere sida di meir synleg, eller heve rangeringa via organiske søk (i motsetnad til betalte søk).

Forskjellen på organiske søk og betalte søk er at betalte søk egentlig er reklameannonser som annonsørane betaler for. Den som er villig til å betale mest kjem høgast opp. Betalte søk har gul ramme rundt seg i søkeresultata. Organiske søk treng du ikkje betale for, men for å komme høgt opp så krevs det at innhaldet er søkemotoroptimalisert.

Organiske søk får ca. 75% av all trafikk på Google, medan betalte søk får kun 25%. Difor er det viktig å jobbe med å rangere høgt på organiske søk.

Vi har laga ei lita liste over kva som er viktig å tenke på for å komme høgare opp på søkemotoren. Følg desse tipsa, så skal du sjå at du kjem høgare opp på sikt – der skjer nemleg ikkje over natta!

1. Optimalisér sidetitlar, URL og beskrivelsar

Sidetitlar: Bruk unike og meiningsfulle titlar. Ha med nøkkelord i sidetittelen. Sett deg sjølv i kunden sine sko – kva søker vedkommande etter for å finne dine tenester/ditt produkt? Bruk kvardagslege ord, ikkje faguttrykk. Det er viktig at tittelen er forståeleg for målgruppa. Tittelen bør innehalde færre enn 70 teikn, då lengre titlar ikkje vil bli sett verken i browseren eller i søkeresultata. I tillegg bør du plassere nøkkelord så tidleg i tittelen som mogeleg. Bruk ulike sidetitlar for kvar side, kvar av desse kan fronte målretta nøkkelord.

URL-struktur: Bruk ”snakkande” eller tydelege URLar, det er nøkkelordvenleg. Sjå på biletet under. URLen her er mediebruket.no/tenester/webutvikling-og-webdesign. Med tanke på søkemotoren er det viktig at du har slike nettadresser, og ikkje adresser som er mynta på anonyme produktnummer og liknande – det er ikkje det målgruppa søker etter på Google. Legg også merke til at vi har første plass på organisk søk på «webutvikling og webdesign» med 257 000 treff! Annonsene med gul ramme er betalte søk.

Tips-søkemotoroptimalisering

Beskrivelsar: I WordPress kan du skrive ein ”Home Description” om du lastar ned ein SEO Plugin. Dette vert også kalla metabeskrivelse, og denne beskriv sida di i Google-søk. Metabeskrivelsen vil ikkje vere synleg på sida di, kun i Google-søk. Desse orda indikerer om søkeresultatet er interessant for vedkommande, og det kan vere veldig lurt å ha med nøkkelord her. På bildet under kan du sjå kor beskrivelsen er plassert i søket.

Tips-for-søkemotoroptimalisering

2. Ha interessant og ferskt innhold

Hald nettsida di oppdatert, slett gamle artiklar og liknande. Det er stor konkurranse, og dei nettsidene som har mest interessant og ferskt innhald vinn. Sjølve sida må ha samanheng med nøkkelordet vedkommande brukte når han/ho fann deg. Ha med populære søkeord/fraser i tekstane dine. Ha med så mange nøkkelord som er naturleg i tekstane dine, då er det meir sannsynleg at søkemotoren finn deg, men du må ikkje overdrive. Viss du overdriv svekker du brukaropplevelsen, samtidig som Google kan avsløre deg og stenge deg ute – det ynskjer du i alle fall ikkje!

3. Tilpass overskrifter med populære søkeord og fraser

Overskrifta er viktigare for søkemotoren enn anna tekst på sida, difor er det viktig at du har med nøkkelord her.

er viktigare enn

,

er viktigare enn

– og slik held det fram.

og

vektar ikkje meir enn anna tekst. Vi anbefaler at du kun brukar

ein gong på kvar side, elles svekker du viktigheten av andre overskrifter.

4. Ha ALT-tekst på alle bilder

Bilder i seg sjølv vert ikkje fanga opp av Google. Google kan naturlegvis ikkje lesa bildene. Difor er det viktig at du legg til ein ALT-tekst på alle bilder, slik at Google forstår kva desse utrykker. Du bør også bruke nøkkelord i bildenamnet, for eksempel tips-søkemotoroptimalisering.jpg i staden for IMG_123.jpg. Bildenamnet bør reflektere temaet på sjølve sida.

5. Prioritér ALLTID brukarvenlegheit

Det gylne regel for søkemotoroptimalisering er at du alltid prioriterer brukarvenlegheit. Google bryr seg mest av alt om at brukarane skal finne det dei leitar etter, og at dei skal ha ei god oppleving. Difor bør du alltid gjere sida di praktisk og enkel å navigere. Når sida er god og unik for målgruppa di, så er den også det for Google. Jo lengre tid folk brukar på sida di, og jo færre gonger dei klikkar seg tilbake til søkemotoren – jo meir nøgd blir Google for at dei har funne ei god side til brukarane sine!

Vi utvikler sider som er søkemotorvenlege kvar einaste dag. Ein av kundane våre, Ditec, låg langt nede på Google før vi vart hyra inn. No ligg dei på fyrste plass på ”lakkbehandling” og på tredje plass på ”lakkbeskyttelse”, som er dei nøkkelorda målgruppa deira søker etter på Google. Då er det supert for Ditec at dei kjem høgt opp, slik at dei er fyrstevalet for potensielle kundar på jakt etter lakkbehandling!

Søkemotoroptimalisering-tips

Mediabruket Eksperter på digitalkommunikasjon

Tips til å søkemotoroptimalisere nettsiden din