Kva er forskjellen på ei skreddarsydd nettside og ei nettside utvikla i ferdigmal?

 Guro Bryn Høgheim

11.oktober 2013

Når du skal ha ny nettside vil du få spørsmål om du ynskjer ei unik skreddarsydd side eller om du vil at sida di skal byggast på ein ferdigutvikla mal. Kva er meint med det spør du kanskje, korleis kan du vite kva du bør bestille?

Svaret vårt avhenger av mange ulike faktorar. Kva skal nettsida brukast til? Har du store krav til funksjonalitetar og utsjånad? Kva behov skal nettsida dekke?

Valet kan samanliknast med valet du må ta når du skal bygge deg hus. Ynskjer du eit arkitektteikna hus der du kan bestemme kvar du vil ha vindauger, terrasse og ytterdør, eller ynskjer du eit billigare “kataloghus” der strukturen er satt, men der du framleis har mogelegheit til å velge fargar og interiør? Avgjersla grunner både på budsjett og behov. Det er som med arktitektteikna hus, «arkitektteikna» nettsider er dyrare enn dei i katalogen.

Er du innehavar av ei mindre bedrift der hovudpoenget med nettsida er å fortelle kva de leverer og å gi potensielle kundar kontaktinformasjon, ikkje har så stort budsjett og samtidig ikkje har spesifikke krav til korleis nettsidas struktur skal vera – så kan ei nettside bygd på ein ferdigmal vera midt i blinken for deg. Du kan framleis tilpassa sida bedriftas profil med fargar, fontar, bilder og tekst.

Har du der i mot krav til grunnstrukturen på sida, ynskjer å ha nettbutikk, innloggingsfunksjonar for kundar o.l, så treng du ei skreddarsydd side.

Vi kan vise til sidene til Språkbruket og Aaraas Gård når vi snakkar om sider bygd i ferdigmal.

123press-3D-Aaraas123press-3D-Sprakbruket

Begge desse sidene er bygd ut i frå samme mal, men som du ser er sidene likevel ulike og unike. Det som er fast i denne malen er plassering på heading og navigasjon. Det same er bildene på framsida. Du kan velge å ikkje ha bilete, men du kan ha maks tre, og dei vil bli plassert på ein fastsatt plass. Faktorar som blant anna fargar, fontar, bilder, skriftstørrelse, skjema/ikkje skjema, antal menypunkt, logo i heading/logo over heading o.l. er fullt og heilt opp til deg å bestemme. Desse sidene er utvikla i ferdigmalen til 123press, og alle sider er responsive (tilpassa både PC, nettbrett og mobil). 123press er ei tilleggsteneste frå Mediebruket.

Skreddarsydde nettsider er, som nemnt tidligare i artikkelen, utvikla basert på dine eigne ønsker. Eksempler på sider som er skreddarsydde er sidene til Serit Fjordane IT og NRK Nynorsk mediesenter:

serit-300pxNrk-norsk-nynorsk-senter-300px

 

Sidene blir slik som du sjølv ynskjer og mulighetane er store  med ein skreddarsydd nettstad.

Viss du har ei bedrift som er i utvikling og der det er mogelegheitar for at nettsidas funksjonar må utvidast på sikt, så er det ein stor fordel å velga skreddarsydd nettside. På skreddarsydde nettsider har vi utvikla koden bak sida sjølv, og har full kontroll på seinare utviklingar om du ønsker å endre sida og legge til funksjonar i ettertid. Har du der i mot valt ein ferdigmal så er det vanskelegare å legge til nye funksjonar, fordi dette ikkje er styrt av oss, men av utviklaren som har laga malen.

Difor bør du stille deg spørsmål om du har planar om å endre sidas funksjonalitet ved ein seinare anledning, eller om sida vil fungerer slik den er framover også.

Mediabruket Eksperter på digitalkommunikasjon