Kvifor bør du ha ei mobiltilpassa nettside?

 Guro Bryn Høgheim

17.oktober 2013

Hvorfor responsiv design Responsivt design (mobiltilpassa design) betyr at ei nettside responderer korrekt uansett kva enhet som viser sida. Nettsida er med andre ord like brukarvenleg på mobil og nettbrett som på PC. I ein kvardag der nettet blir sjekka til alle døgnets tider – på reise, på butikken, i bilen –  på nettbrettet, mobilen og PC, så er det viktig at du veit at sida di er god nok uansett kva størrelse brukaren har på skjermen sin. Det veit du om du har ei responsiv nettside.

Responsive nettsider er “flytande”, det betyr at innhaldet beveger seg fritt på tvers av alle skjermoppløysingar og på alle enheter. Både tekst og bilder tilpasser seg skjermstørrelsen.

I staden for å gjere sida responsiv vel nokon å lage ein “lite” versjon på eit subdomene som er tilpassa mobilen. Ein typisk URL for ei slik mobilside vil då vera mobil.mediebruket.no eller mediebruket.no/mobil. Nettsida blir riktignok fin på mobilen, men dette betyr at du har endå ei side du må oppdatere. I tillegg dukkar det opp problem knytta til søkemotoroptimalisering. Ei slik løysing skapar unødige problem fordi det er vanskeleg å få organiske lenker til mobile nettstadar, fordi besøkande på mobil først og fremst er på jakt etter innhald – ikkje aktivt lenkar til deg. Inngående lenker er ein av dei viktigaste aspektene ved søkemotoroptimalisering, og ved å samle alt innhald på samme rotdomene og URL, så får du fullt utbytte av kvar lenke og rangerer høgast på Google uansett kva enhet brukaren søker på.

Fordelar med responsivt design:

  • Sida blir vist ryddig og pent på alle smarttelefonar og nettbrett.
  • Endring av innhald på nettsida vil automatisk vera optimalisert på alle enheter.
  • Du kan skjule deler av innhaldet ved lasting på mobile enheter, slik at nedlastingstida blir raskare og brukar får ei betre oppleving.

I følge rapporten Internet Trends frå analyseselskapet Kleiner Perkins Caufield & Byers hadde 1,5 milliardar menneske tatt i bruk internett på mobilen på tampen av 2012. Mobiltelefonen står no for 15 % av all internett-trafikk, mot 10 % året før. TNS Gallup si undersøking Mediebruk Q1 2013 viser at 4 av 5 nordmenn har smarttelefon og at 2 av 5 har nettbrett. Den globale veksten i trafikk på mobil vaks med 70 prosent i 2012, i følge nettverksgiganten Ciscos Visual Networking Index (VNI) Global Mobile Data Traffic Forecast Update rapport.

Om du vel ei responsiv nettside eller ein “lite” versjon på eit subdomene er opp til deg, det viktigaste er at nettsida di fungerer på den mobile plattformen. Utviklinga skjer fort, og det er viktig at du er tilstades der kundane dine er – ellers går dei fort til konkurrenten din.

Mediabruket Eksperter på digitalkommunikasjon