Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har tildelt
ny stor kontrakt til Mediebruket

Arild Nybø

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har etter ein offentleg anbodsrunde signert kontrakt med webbyrået Mediebruket på rammeavtale for levering av webdesigntenester til embeta si portefølje av nettstader.

Avtalen har ei varigheit på 2 år, og netto totalverdi er berekna til ca. kr. 800.000. Oppdragsgjevar har opsjon for forlenging i inntil 2 år.

– Dette er ein viktig kontrakt for oss både økonomisk og fagleg. Fylkesmannen er ein spennande oppdragsgjevar, der vi får brukt kompetansen vår til fulle innan eit breidt spekter av internettrelaterte oppgåver. Vi er derfor glade for at vi nok ein gong har vunne fram i konkurransen med det beste anbodet, seier Arild Finne Nybø, dagleg leiar i Mediebruket AS. Selskapet held til i Førde med sju tilsette. Dei har spesialisert seg på utvikling av nettløysingar, og har frå 2012 til 2015 hatt ein tilsvarande avtale med Fylkesmannen.

Jørn Stenehjem, som er IT-leiar hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, seier:
– Fylkesmannen er godt nøgd med at Mediebruket har levert tenester og tilbod med høg kvalitet og til konkurransedyktige prisar, og vi ser fram til eit kreativt samarbeid med dei i tida framover.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har drift og utviklingsansvar for ei rekkje nasjonale nettstadar, m.a. fylkesmannen.no, fylkesatlas.no, www.sjofangst.no og rettsrad.no er viktige regionale og nasjonale tilbod. Dei arbeider kontinuerleg med vidareutvikling av eksisterande nettstadar samtidig som dei utviklar nye nettbaserte løysingar og eforvaltningstenester.

 

For meir info, kontakt:

Arild Finne Nybø
Tlf.: 977 33 028
Epost: arild@mediebruket.no