Bergen Teknologioverføring får ny nettstad
utvikla av Mediebruket

Universitetet i Bergen, Helse Bergen og Havforskingsinstituttet sitt selskap Bergen Teknologioverføring AS (BTO) hjelper til med å kommersialisere teknologi som vert utvikla ved ti forskningsinstitusjonar i Bergen. Desse institusjonane bidreg med kring 100 nye og innovative idéar og teknologiar årleg.

På tampen av 2014 inviterte dei BTO fire selskap til å gje tilbod på design og utvikling av ny nettstad, og det enda med at Mediebruket vann anbodskonkurransen:

– Det var ekstra kjekt for oss å sjå at det ikkje var pris som var avgjerande då vi vann anbodet, men kvalitet, løysingsframlegg, kompetanse og referansar, seier dagleg leiar Arild Nybø i Mediebruket.

– Når vi i sluttspurten konkurrerte med to selskap, som kvar omset for milliardar av kroner, så er det ei ekstra fjør i hatten til oss at det var desse kriteria og våre sju tilsette, som var avgjerande.

Nettsidene er ein viktig formidlingsarena og kommunikasjonskanal for BTO, og onsdag 4. mars 2015 gjekk startskotet for samarbeidet mellom BTO og Mediebruket om utvikling av den nye nettstaden.

Designet av nettstaden skal utviklast i samarbeid med Rein Design, som Mediebruket deler hus med i Kommunikasjonshuset i Riksvegfem i Førde.

Foto frå OPPSTARTSMØTE I BERGEN. Frå venstre: Senior forretningsutviklar Katinka Tofte (BTO), senior webutviklar Håvard Grimelid (Mediebruket), prosjektleiar Sindre Skrede (Mediebruket), kommunikasjonssjef Kjetil Myhren-Berge (BTO) og kommunikasjonsrådgjevar Sunniva U. Erstad (BTO).

OPPSTARTSMØTE I BERGEN: F.v.: Senior forretningsutviklar Katinka Tofte (BTO), senior webutviklar Håvard Grimelid (Mediebruket), prosjektleiar Sindre Skrede (Mediebruket), kommunikasjonssjef Kjetil Myhren-Berge (BTO) og kommunikasjonsrådgjevar Sunniva U. Erstad (BTO).