Søk i aksjonærregisteret og sjå kven som
eig kva i norskregistrerte aksjeselskap

Publisert 2. november 2015 av Arild Nybø. Oppdatert  mai 2017.

På den nye søketenesta aksjeeiere.no kan du søke i aksjonærregisteret og få utlista alle som var aksjonærar i alle selskap registrert i det norske aksjonæregisteret ved årsskiftet 2014/2015.

Logo for aksjeeiere.no

Oppdatert med 2016-data

Registeret er oppdatert med data frå 2016. Fleire av lenkene i innlegget er oppdatert etter at dei nye tala fra Aksjonærregisteret pr. 31.12.2016 blei publisert på aksjeeiere.no i 2017.

I juni hadde vi den store gleda å ønskje Bernt Jacobsen Standal (31) velkomen som ny webutviklar i Mediebruket.

Han er nyutdanna automasjonsingeniør frå Høgskulen på Vestlandet HVL, og er busett med familie på Sande i Gaular.

Bernt har god erfaring med programmering som Java, MySQL, HTML, CSS, Codesys, Quartus, og TwinCAT. Aukande oppdragsmengde og stadig fleire spennande kundar gjer at Bernt får meir enn nok å bruke kunnskapane sine på i tida framover.

Prøv aksjeeiere.no: Søk i aksjonærregisteret

Bakgrunnen for tenesta er denne:

Sidan våren 2013 har journalist Vegard Venli i Kommunal Rapport kjempa for å få innsyn i det norske aksjonærregisteret. Eit av argumenta Regjeringa brukte i eit høyringsnotat i februar 2014 for å framleis halde registeret lukka, var at det ville vere arbeidskrevjande å hente ut opplysningar.

Men kampen enda med at Skatteetaten i slutten av september 2015 gav innsyn i deler av dei 1.723.663 oppføringane som var registrert i registeret pr. 31. desember 2014.

Det delvise innsynet omfattar kva tal på aksjar den enkelte person eller organisasjon har i norskregistrerte aksjeselskap, men ikkje kva som til dømes er verdien på aksjane, eller kva aksjonæren eventuelt har fått i utbyte.

Den første journalistiske saka Venli laga med bakgrunn i dei frigjevne opplysningane, var ein oversikt i Kommunal Rapport 23. september 2015 over kva selskap norske kommunar har aksjar i. Dagen etter la Norsk Redaktørforening heile registeret ut på nettsidene sine, i Access- og Excel-format (sjå nederst på sida).

Sidan vi i Mediebruket lever av å lage internettverktøy for å behandle informasjon, såg vi på det som ei fin utfordring å gjere databasen søkbar på ein meir brukarvenleg måte enn at brukarane må laste ned store datafiler.

Skjerm-med-kodeMediebruket fekk tilsendt ein kopi av databasen av Skatteetaten, og ein av utviklarane våre gjekk nest siste helga i oktober i gang med å gjere dataene tilgjengelege i søkbar form på ei nettside. Påfølgjande måndag var den første versjonen klar, og etter litt felles innsats i Mediebruket for å finpusse søkegrensesnittet, og justere databasen for å levere raske resultat, kunne søk i aksjonærregisteret på aksjeeiere.no publiserast offentleg to dagar seinare.

I den førebelse versjonen av søkesida er det mogleg for journalistar og andre interesserte å søke på alle som var aksjonærar pr. 31. desember 2014, både organisasjonar og enkeltpersonar, og å sjå kor mange aksjar dei hadde i kvart selskap. Og omvendt: Ein kan søkje på aksjeselskap og få ut lista med kven som var aksjonærar ved årsskiftet, og kor mange aksjar dei hadde i selskapet. Det er mogleg å filtrere på bustad- eller forretningsadresse.

Det gjer det mogleg med enkelt hente ut opplysningar pr. 31.12.2014 som t.d.:

Her er alle aksjonærane i Mediebruket AS pr. 31.12.2015, og i dette selskapet hadde Mediebruket AS aksjar pr. 31.12.2015. Vi ser at dei to hovedaksjonærane i Mediebruket AS var Arnybo Invest AS og Metalab AS. Ved å klikke på lenkene til eigarselskapa ser vi også kva privatpersonar som til sjuande og sist har majoriteten i Mediebruket.

Men det er vel tvilsamt at det er Mediebruket sin eigarkonstellasjon som er mest interessant for dei som brukar registeret. Andre, og meir interessante søk, kan vere t.d.:

Prøv sjølv: Søk i aksjonærregisteret


Relaterte artiklar på andre nettstadar:

Oppdatert med 2016-data

Registeret er oppdatert med data frå 2016. Fleire av lenkene i innlegget er oppdatert etter at dei nye tala fra Aksjonærregisteret pr. 31.12.2016 blei publisert på aksjeeiere.no i 2017.