To nye traineear er snart i sving med webutviklingsprosjekt i Mediebruket

23. mars 2017

Mediebruket har tilsett to dyktige og nyutdanna sunnfjordingar, Oda Holmelid Sandvik (21) og Endre Erdal (22), som traineear. Dei vil være deltakarar i traineeprogrammet til Framtidsfylket, men startar opp i praksis hjå oss allereie i juni.

Foto av traineeane Oda Holmelid Sandvik og Endre Erdal i Mediebruket saman med logoen til selskapet.

Oda kjem frå Gaular, og har studert Nye medier ved Universitetet i Bergen der ho er ferdig med ein bachelor våren 2017. I studiet har ho lært om interaksjonsdesign, datahandtering og programmering, og har fått innblikk i programmeringsspråk som HTML, CSS, JavaScript og Java. Ho har også jobba med webdesign, og har god trening med å lage nettsider som er universelt utforma, brukarvenlege og har eit responsivt design.

Oda kjem til å arbeide som webkonsulent og prosjektleiar på mange av dei digitale løysingane som Mediebruket til ei kvar tid har under utvikling, og kjem også til å hjelpe kundar som selskapet driftar løysingar for.

Endre er frå Førde, og skriv no avsluttande bacheloroppgåve hjå Handelshøyskolen BI. Han har brei kunnskap frå fleire kurs innan marknadsføring, innovasjon og økonomi. I studie har han fordjupa seg i bedriftsutvikling for små og mellomstore bedrifter, og har med det god kunnskap om korleis ein skapar vekst i marknaden.

I Mediebruket blir Endre forretningsutviklar, og vil dermed få brukt heile breidden av kompetansen sin for å gjere Mediebruket endå betre rusta til å tilby gode tenester og produkt av høg kvalitet.

Med ei stadig veksande oppdragsmengde i Mediebruket og hos samarbeidspartnarane våre, innan utvikling av alt frå enkle og billege heimesider, til store og komplekse webbaserte logistikksystem, vil begge traineeane få nok av spennande og relevante oppgåver å bryne seg på i eit traineeår som skal vere både lærerikt og kjekt.