Trygg bruk av sosiale medier

21.september 2017 – Arild Finne Nybø

21. september 2017 var den årlege SeniorSurf-dagen. I det høvet var dagleg leiar i Mediebruket AS, Arild Finne Nybø, invitert til å halde føredrag om trygg bruk av sosiale medier. Her er oppsummeringa frå føredraget:

Kos deg i sosiale medier – men bruk sunn fornuft der som elles…

Hugs at takhøgda er stor, og at det er lov å gjere feil. I dei fleste tilfelle kan du også angre deg og slette det du har gjort. Men eit par tips om skikk og bruk på Facebook kan vere OK å ha i bakhovudet:

Ved bruk av Facebook, så forestill deg at du sit på ein kafé. Mykje av dei same uskrivne reglane som gjeld på kaféen gjeld også for bruk av Facebook. Bruk Facebook til dialog og samhandling med andre menneske. Men tenk også på at dei som sit på naboborda kan høyre det du snakkar om dersom dei spissar øyrene.

  • Observer først, og lær deg skikkane i det sosiale mediet du har blitt med i.
  • Hugs at alt du seier og gjer kan dukke opp i nyheitsstraumen til venene dine. Slett det du angrar på, eller ta tilbake ein «Liker» ved å klikke på «Liker» ein gong til.
  • Ikkje del informasjon om andre, bileta deira eller bilete av dei eller ungane utan å ha fått lov.
  • Ver varsam med å gje negativ kritikk. Sei takk ofte.
  • Alt som kan misforståast vil bli misforstått. Det beste er å unngå til dømes ironi og satire.
  • Ikkje godta invitasjon til venskap frå nokon du ikkje kjenner.
  • Ikkje klikk på rare lenker som dukkar opp i nyheitsstraumen din. Og får du tilsendt direktemelding frå nokon, så vurder lenka nøye før du klikkar på den, sjølv om du kjenner avsendaren. Du kan gjerne spørje avsendaren før du eventuelt klikkar på lenka.
  • Ikkje tru alt du les.
    Ikkje la deg bruke av kampanjar ved å dele vidare innlegg som andre har lagt ut.
    Ikkje del eller kommenter på noko du mistenkjer kan vere falske nyheiter.
    Ikkje klikk på noko som ser for godt ut til å vere sant (t.d. at du får ein gratis flybillett eller iPhone). Det er som oftast ikkje sant.
  • Ikkje rop ved å skrive med STORE BOKSTAVAR.
  • Ikkje la deg rive med av «trolla» som prøver å provosere deg, t.d. i grupper og på sider som du følgjer. Tei dei heller i hel.
  • Hugs at det er ikkje du sjølv som avgjer kva «hatt» du har på deg til ei kvar tid. Du kan ikkje seie at: «No er eg privatperson», «no er eg tilsett i bedrift», «no er eg styremedlem i lokal foreining» osv. For omverda så er du litt av alt dette samtidig. Du er berre èin person, og når du er på sosiale medier har du alle hattane på deg samtidig.
  • Ikkje set deg ned og skriv på Facebook når du er påverka av alkohol. Vanlegvis ville du ha formulert deg annleis om du var heilt edru.
  • Men likevel: Kos deg, informer andre, bli oppdatert og og bli underhaldt i sosiale medier. 
Takhøgda er stor, alle gjer feil, og stort sett er det enkelt å rette dei.

Har du fleire tips, eller spørsmål, så vil vi gjerne høyre dei. Bruk gjerne kommentarfeltet nedanfor.