Skal du starte nettbutikk? Dette bør du tenke på

10. oktober 2017 – Oda Holmelid Sandvik

Netthandel har utvikla seg til å bli noko mange av oss nyttar seg av når vi skal kjøpe dei produkta vi ynskjer oss. Viss du har eit ynskje om å selje varene dine på nett har vi nokre tips til kva du bør tenkje på for å skape den optimale netthandelopplevinga for dine kundar.

Nettbutikk, Netthandel

Godt innhald

Har du ein nettbutikk med innhald av høg kvalitet vil dette gjere deg som seljar meir påliteleg, samtidig som at det skapar eit godt førsteinntrykk hos kunden. Innhald er i dette tilfellet meint som bilete, tekst og anna som presenterer det du sel. Førsteinntrykk er, som hos fysiske butikkar, også svært viktig på nett. Kunden veit ikkje meir om det du sel enn kva han eller ho ser og les på ein skjerm. Korleis du presenterer det du vil selje vil i stor grad påverke kva inntrykk kunden får av varene du sel, og dermed om kunden vil ønskje å kjøpe produktet eller ikkje.

God og leseleg tekst

Teksten du presenterer i ein nettbutikk bør vere kort, presis, ærleg og velskriven. All relevant informasjon skal vere tilgjengeleg, men du treng ikkje skrive meir enn det som er naudsynt. Unngå skrivefeil, då dette vil bli sett på som rotete og heller ikkje er bra for søkemotoroptimaliseringa. For at det du sel skal bli funne gjennom Google må du skrive korrekt, konkret (skriv “saks” i staden for “klippereiskap”) og ikkje bruke forkortingar (skriv f.eks. Sogn og Fjordane, ikkje SFj). Ver ærleg og tydeleg om produktet sin kvalitet, pris og dykkar tilbod.

Les også: Hvordan blir du synlig hos Google?

Bilete av høg kvalitet

Det er viktig å bruke bilete av produkta du sel, og om naudsynt frå fleire vinklar. Desse bileta bør vere av høgast mogleg kvalitet. Dette gir eit meir profesjonelt inntrykk til kunden. Nytt gjerne ein fotograf for å ta bilete av produkta du sel. Dette gjer at stilen på produktbileta vert lik frå bilete til bilete, og gir eit meir gjennomført og ryddig inntrykk.

Nettbutikk, Handlekorg

Gi all viktig informasjon

Kva storleikar finst det av produktet du sel? Kva fargar finst det? Har du det på lager eller ikkje? Kva er prisen? Er plagget på sal? Pass på å tydeleggjere ting som dette så godt som mogleg, slik at kunden ikkje må leite etter denne informasjonen.

Enkel navigasjon

Har du fleire varer du skal selje er det heilt essensielt at kunden lett kan finne fram til det produktet han eller ho potensielt ønskjer å kjøpe. Det bør vere klart kva du sel på framsida, og i menyen skal ein kunne finne varekategoriane lettast mogleg. Det bør også vere lett for kunden å forstå korleis han skal kunne gjennomføre eit kjøp etter at han har bestemt seg for å kjøpe eit produkt.

Med eit stort varesortiment er det viktig for kundar å kunne sortere vekk dei produkta dei ikkje er interesserte i å kjøpe. Viss du for eksempel som nettbutikk skal selge bukser, kan det vere lurt å gi kunden moglegheit til å skilje mellom jeans og dressbukser.

Nettbutikk, Netthandel

Skap tillit

Det er ei utfordring å skape tillit hos nokon som ikkje kan sjå deg eller fysisk samhandle med deg. Det er derfor viktig at du er tydeleg på kva de som butikk tilbyr av varer og tenester, samtidig som du prøver å skape eit godt inntrykk av verksemda di gjennom nettstaden. Ver tydeleg på at dykkar tenester er sikre å bruke, og at alle transaksjonar vert gjennomført hos trygge samarbeidspartnarar. Sidan det finst mange usikre nettstadar på internett, er det lett å forstå bekymringa for å handle hos det som kan opplevast som utrygge nettbutikkar utan gode hensikter. Derfor er det viktig å tydeleggjere at du er påliteleg som seljar, og å følgje dette opp med god service, sikre transaksjonar og trygg levering.

Installer eit sikkerheitssertifikat på nettstaden din. Dette gjer den tryggare å bruke, og dette visest ved at nettstadadressa di startar med HTTPS i staden for HTTP. I tillegg visast ein hengelås og grøn farge med teksten “Sikker” i adressefeltet i nettlesaren. Eit slikt sikkerheitssertifikat gjer at kunden kan surfe sikrare og meir privat, og vil dermed auke pålitelegeheiten til nettbutikken din. Trafikken mellom nettstaden og kunden vert kryptert slik at ikkje andre kan overvake den. I tillegg vil den bli prioritert høgare av Google, slik at nettbutikken din vil kome høgare opp i Google-søk.

Les også: HTTPS – Det einaste alternativet

Vurderingar

Å gi kundane høve til å vurdere eit produkt eller ei teneste kan vere ein god måte å skape større tillit på. Då viser du at nettbutikken din tar i mot spørsmål og konstruktiv kritikk om produkta dykkar, og gir eit inntrykk av at de ikkje har noko å skjule. Som kunde blir ein tryggare på det de leverer viss ein kan lese erfaringane til tidlegare kundar.

Gi god informasjon om kvar kunden er til ein kvar tid, og følg godt opp etter eit sal. Tilby hjelp til å løyse utfordringar som kunden opplever, og prøv å gi så god service som det er mogleg å gi gjennom netthandel.