Eigedomsmekling Sogn og Fjordane vann innovasjonspris for digital løysing utvikla av Riksvegfem

5. november 2017 – Oda Holmelid Sandvik

I vår vann Pål Anders Kårstad frå Eigedomsmekling Sogn og Fjordane (EMSF) prisen i kategorien “årets innovasjon innan eigedomsmekling” under Gullmegleren 2017. Denne løysinga har Mediebruket og Rein Design vore med på å lage.

Selje-side i dataskjerm, Eigedomsmekling Sogn og Fjordane

Løysinga som vann er eit enkelt verkty for dei som ynskjer å selje bustader. Ved å velje kva ein ynskjer av tenester for å marknadsføre og selje bustaden, finn ein ut kva prisen på dette til slutt vil bli.

Ein viktig pris for Eigedomsmekling Sogn og Fjordane

Grunngjevinga frå juryen lydde slik: «Et prisverktøy for boligselgere med detaljert prisliste, inkludert provisjon. Om dette er fremtiden for boligmegling er usikkert – men det tas utvilsomt et tydelig standpunkt og sendes et signal til en bransje som har et behov for mer åpenhet og nye måter å verdiøke tjenestene man leverer».

Pål Anders, som er dagleg leiar i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane, fortel at innovasjonsprisen betyr mykje.

– Den er viktig den, for den viser at eit lite eigedomsmeklarføretak frå Sogn og Fjordane kan vere med og skape produkt og tenester innanfor eigedomsmekling som er på lik linje med resten av bransjen og vel så det, fortel Kårstad.

Pål Anders Kårstad, Eigedomsmekling Sogn og Fjordane

Vil vere tydelege for kunden

I frå Mediebruket og Rein Design er det Håvard Grimelid (Mediebruket) og Heidi Gloppen (Rein Design) som har utvikla og designa løysinga, i tillegg til resten av nettstaden.

– Eigedomsmekling Sogn og Fjordane har inntil no ikkje hatt sin eigen nettstad, og det var viktig for dei å få dette på plass så snart som råd. I tillegg hadde Pål Anders nokre idear han var interessert i å teste ut, mellom anna Sals-løysinga som nettstaden vann årets innovasjon for, fortel Håvard.

Pål Anders fortel at noko av målet med selje-sida var å skape openheit kring prisar og tenester som Eigedomsmekling Sogn og Fjordane tilbyr for bustadseljarar.

– Det vi ville gjere var å opne litt opp, vere tydelege på kva det kostar å bruke eigedomsmeklar og kva prisen er på tenestene. Men det gir oss også moglegheit til å marknadsføre, legge inn innhald og vise litt av kva vi gjer. Og at kunden kan finne ut av dette sjølv utan at dei skal måtte vere avhengige av å prate med oss, seier Pål Anders.

Fortsetter arbeidet med nettstaden

Pål Anders fortel at han er nøgd med Mediebruket og Rein Design sin innsats i prosjektet.

– Dei har gjort ein veldig god jobb, og vore med og utvikla dette her. Dei har sett på både brukargrensesnitt og alt det tekniske som ligg bak, og vore fleksible og ivrige til å vere med og lage nye løysingar og er det fortsatt, seier Pål Anders.

For nettstaden er endå ikkje ferdig. Vi blir fortalt at det er mange planar for framtida til denne tenesta.

Nettstaden slik som den er no er slik eg seier: eigentleg berre eit såkorn i forhold til korleis vi kan utvikle og digitalisere innanfor bransjen. Det er mykje meir å gå på. Vi har allereie planlagt korleis sida skal sjå ut vidare, fortel Kårstad.

Dette er både Mediebruket og Rein Design nøgde med.

– Det er spennande at Pål ønsker å utvikle, justere og jobbe vidare med nettstaden.
I denne fasen analyserer vi bruken av nettsida. Vi ser på statistikk og trafikk, og kva som fungerer og kva som kan forbetrast for å sikre ei best mogleg brukaroppleving. Ofte i ein designprosess er oppdraget ferdig når jobben er levert. I dette prosjektet får eg høve til å utvikle design og funksjonalitet vidare, basert på kva vi ser fungerer, fortel Heidi. – Det er givande og interessant.

Du kan besøke nettstaden her: eigedomsmekling.no
Og løysinga som vann her: eigedomsmekling.no/selje/