Full kontroll på læreperioden med «Min logg»

15. mars 2018

Tekst og foto: Roy Sunde, Rein Design

Lokalt samarbeid skapte tidssparande digitalt verktøy som gjev oversikt over lærlingane og oppgåvene dei gjer.

Min logg-lærlingar Foto: Roy Sunde, Rein Design

LOGGAR LÆRETIDA: Bilmekanikarlærling Vegard Marius Benjaminsen, og delelagerlærling Susanne Larsen hos Autoforum i Førde brukar «Min logg» for dokumentere oppgåvene dei gjer i læretida, og for å sjå kor stor andel av måla dei har oppfylt. (Foto: Roy Sunde, Rein Design).

Å kvalitetssikre utdanningsløpet til lærlingar krev god oversikt: Opplæringskontora skal sikre at lærlingar i dei mange ulike medlemsbedriftene gjennomfører hundrevis av oppgåver i høve læreplan. Det kan verke kaotisk og stressande, men med det digitale verktøyet «Min logg» som Mediebruket har utvikla for Bilbransjens opplæringskontor Sogn og Fjordane (BOK) har opplæringskontora, mentorane i bedriftene og lærlingane full oversikt.

Bilbransjens opplæringskontor Sogn og Fjordane (BOK) såg at dei trengte eit godt verktøy for å kvalitetssikre opplæringa til lærlingane. Dei gjekk derfor inn i eit samarbeid med Mediebruket i Førde, som utviklar alle typar avanserte internettløysingar, om å utvikle verktøyet «Min logg».

Med «Min logg» kan lærlingane logge oppgåver raskt og enkelt. Og lærlingen, lærebedrifta og BOK kan like enkelt sjå kva læreplanmål lærlingen manglar øving i.
Brukarane kan jobbe både frå PC, nettbrett og mobil. Lærlingane brukar det mest på mobil, medan lærebedrift og opplæringskontor «Min logg» mest på PC.

Kvalitetssikrar opplæringa

– «Min logg» starta med eit ønskje om å på endå betre vis kvalitetssikre at opplæringa til lærlingar skjer etter nasjonale læreplanar. For å garantere dette må vi ha kontroll over kva lærlingane har gjort og ikkje i lærlingløpet, fortel Roald Standnes, dagleg leiar i BOK Sogn og Fjordane.

«Mediebruket sette seg inn i våre utfordringar, og gav gode råd»

– Å halde styr manuelt er tungvint. Vi ønskte eit digitalt loggsystem. Dei systema vi sjekka ut først kravde mykje skriving for lærlingen, og gav liten oversikt over måloppnåing. Lærlingane må føre logg, men alle er ikkje like glad i å skrive. Vårt krav var eit system som ingen kan seie krev for mykje av dei. Det må vere så enkelt og automatisert at alle fører logg.

BOK kontakta derfor Mediebruket, og la fram problemstillinga.

– Mediebruket er gode på utvikling, og vi samarbeidde godt med utviklar Terje Sørbø. Kunden har jo alltid har rett – men kunden treng også alltid dei rette råda, seier Roald.

– Mediebruket sette seg inn i våre utfordringar, og gav gode råd, seier han, og held fram:

– Drivkrafta var å skape det enklast moglege systemet. Det klarte vi: «Min logg» er også verdas beste system til dette føremålet, seier Roald.

– Det er superenkelt og effektivt. Alle partar sparar tid, og ein slepp mas og stress. Informasjonen er lett tilgjengeleg, så ein kan fokusere på vegen vidare og få fornuftig bruk av tid. Lærebedriftene og BOK fekk eit fantastisk verktøy, og full kontroll på at lærlingane når kompetansekrava i læreplanen. Lærlingane får informasjonen dei treng, og loggar raskt og effektivt tidsbruk, arbeidsoppgåver og så vidare, via ferdige innstillingar. Enklare vis å dokumentere dette på får ein ikkje. Vi legg ikkje skjul på at nokre lærlingar ikkje er begeistra for å måtte drive med loggføring, men dei aller fleste ser etter kvart kor bra dette er for dei, seier Standnes.

Å utføre lovfesta halvårsvurdering av lærlingen var før særs arbeidskrevjande. No ligg informasjonen på skjermen når ein loggar på «Min logg». Lærling, bedrift og BOK kan til ei kvar tid sjå kva lærlingen manglar av opplæring.

Roald Standnes, Foto: Roy Sunde, Rein Design

VIL GJE SOLID OPPLÆRING: Roald Standnes i Bibransjens opplæringskontor seier at dei tek ansvaret med å lage gode opplegg for lærlingane svært seriøst. – «Min logg» er eit svært godt verktøy for å kvalitetssikre læreperioden og gjere det enklare for lærlingane å dokumentere det dei gjer, seier han. (Foto: Roy Sunde, Rein Design).

– Spennande oppdrag

Seniorutviklar Terje Sørbø i Mediebruket i Førde fekk jobben med å skape «Min logg», ei oppgåve han sat stor pris på.

– Å vere utviklar handlar om å tolke kunden sine behov og innspel, og omsette dei i gode, praktiske applikasjonar som løyser det behovet kunden har. BOK kom også med nyttige innspel. Dei fleste som driv med utvikling tykkjer jobben er kjekkast når ein får skape noko frå grunn av. Spesielt når ein lagar noko alle partar er utruleg nøgde med, som «Min logg», seier han.

«Terje rådde oss til å utvikle ein webbasert applikasjon som kan nåast gjennom nettlesarar på alle typar dataeiningar (…) Å lage ein app, det vil seie eit eige program til mobilen eller nettbrettet, går fint, men det krev også kontinuerlig vedlikehald av programvare på tvers av plattformer. Det er arbeidskrevjande og kan fort bli dyrt.»

– Vi vurderte ei app-løysing, men Terje rådde oss til å utvikle ein webbasert applikasjon som kan nåast gjennom nettlesarar på alle typar dataeiningar, frå mobil til PC, fortel Roald.

– Å lage ein app, det vil seie eit eige program til mobilen eller nettbrettet, går fint, men det krev også kontinuerlig vedlikehald av programvare på tvers av plattformer, seier Terje.

– Det er arbeidskrevjande og kan fort bli dyrt. Sjølv gigantar som Facebook har hatt utfordringar med dette. Det er naivt å tru at små selskap skal kunne løyse slikt betre enn dei. «Min logg» blir brukt på ulike flater, frå mobil til PC. Vi slepp tenke på ulike operativsystem, seier Terje og fortel at Mediebruket driftar mange slike applikasjonar.

Ruby on Rails er eit rammeverk for å utvikle web-applikasjonar, altså nettbasert programvare. Eit døme på dette er jubilantlister i aviser, der Mediebruket har utvikla ein applikasjon som får inn rå-data, som den omset til ei trykkeklar fil for avisa.

– Vi har laga mange ulike slike CRM-system eller kundebehandlingssystem, seier Terje og fortel at Mediebruket no driftar nær 500 ulike applikasjonar.

– Vi driftar til dømes eit booking-system for Briksdalsbreen, som held oversikt over gjestar som kjem med cruisebåtar inn Nordfjorden og CRM-system for gasselskapet Gas Tech i Førde. Den applikasjonen vi har laga som truleg flest kjenner til er rekrutteringsportalen Framtidsfylket.no som blir brukt av tusenvis av jobbsøkjarar og arbeidsgjevarar i Sogn og Fjordane.

– «Min logg» gir meg full oversikt

Skjermdump av «Min logg».

ENKEL DOKUMENTASJON: Mediebruket AS i Førde har utvikla applikasjonen som gjer alle partar har full kontroll på at lærlingane når krava læreplanen.

På Førde-avdelinga til Ford-forhandlar Autoforum finn vi to «Min logg»-brukarar, bilmekanikarlærling Vegard Marius Benjaminsen, og delelagerlærling Susanne Larsen.

– «Min logg» er eit godt verktøy for meg som lærling. Eg har god oversikt over kva eg har vore gjennom, og kva som manglar. Når eg loggar kan eg få opp ei prosentvis framstilling av kor mykje som er fullført. Og som du ser, så har eg fått godkjent 74 prosent av oppgåvene, så eg er snart ferdig, seier Vegard.

– For meg blir det i den fasen av opplæringa eg er i no mykje dei same oppgåvene. Alt eg har er no «veldig» godkjent, seier Susanne og smiler. – Når eg går vidare til neste trinn blir det meir variert igjen.

– Det tek ikkje mykje tid å logge. Eg likar å samle opp nokre dagar, og fører det inn eit par gonger i veka, seier Vegard. – Det går heilt fint, så lenge ein held styr på kva ein har gjort. Det einaste som tek litt tid er om ein har oppgåver som ikkje er definert på førehand.

– Deler gjerne med andre

«Min logg» er i bruk av BOK Sogn og Fjordane, Opplæringskontoret for offentleg sektor i Sogn og Fjordane, Opplæringskontoret i bilfag Nordmøre og Romsdal, og Opplæringskontoret for anlegg og bergfagene Sogn og Fjordane. Og dei slepper gjerne fleire inn.

«Det er kjekt at to lokale bedrifter kan gå saman om å skape noko, spesielt når det blir så bra. Om andre ønskjer å kjøpe og bruke systemet, så gjerne det.»

– «Min logg» er eit fantastisk produkt, som stettar alle våre krav og forventingar. Det er kjekt at to lokale bedrifter kan gå saman om å skape noko, spesielt når det blir så bra. Om andre ønskjer å kjøpe og bruke systemet, så gjerne det. Vi kjem ikkje til å selje aktivt, vi ønskjer å fokusere på det vi skal drive med, men det er berre å ta kontakt, seier Roald Standnes i Bilbransjens opplæringskontor.


For meir informasjon om selskapa og kontaktinfo, sjå:

FAKTA:

«Min logg» er eit internettprogram som er utvikla av Mediebruket for Bilbransjens opplæringskontor. Verktøyet gjer at lærlingane kan loggføre og ha kontroll på alle oppgåvene dei er pålagde i læretida, og i tillegg får opplæringskontoret og mentorane i bedriftene full oversikt på datamaskina.

74 % FULLFØRT: Bilmekanikarlærling Vegard Marius Benjaminsen, og delelagerlærling Susanne Larsen hos Autoforum i Førde. (Foto: Roy Sunde, Rein Design).


Bilbransjens opplæringskontor AS (BOK) er eigd av Sogn og Fjordane bilbransjeforeining. Kontoret skal gjennomføre og koordinere fagopplæringa i bilbransjen i Sogn og Fjordane, i samsvar med opplæringslova, og i samarbeid med medlemsbedriftene, lærlingane, fagopplæringsseksjonen og skuleverket. Dei tilbyr læreplass i 91 bedrifter.

Nettside: bok-sfj.no


Mediebruket AS i Førde har spesialisert seg på utvikling og drift av internettløysingar, frå dei enklaste heimesider, til nettbutikkar, søknadsbehandlingssystem, bookingløysingar, og store og avanserte logistikk- og kundebehandlingssystem for kundar over heile landet. Selskapet er også leverandør av nettsidene til kundane til dei fleste reklamebyråa i Sogn og Fjordane.

Nettside: mediebruket.no