Mediebruket styrkar seg på webutvikling, webdesign og prosjektleiiing

18. august 2018

To dyktige nye medarbeidarar i Mediebruket er klare til å ta i mot bestillingar på nye nettsider og andre internettbaserte løysingar. Dess meir krevjande, dess meir spennande tykkjer dei oppdraga er.

Bernt Jacobsen Standal

I juni hadde vi den store gleda å ønskje Bernt Jacobsen Standal (31) velkomen som ny webutviklar i Mediebruket.

Han er nyutdanna automasjonsingeniør frå Høgskulen på Vestlandet HVL, og er busett med familie på Sande i Gaular.

Bernt har god erfaring med programmering som Java, MySQL, HTML, CSS, Codesys, Quartus, og TwinCAT. Aukande oppdragsmengde og stadig fleire spennande kundar gjer at Bernt får meir enn nok å bruke kunnskapane sine på i tida framover.

Andres ved desken. Foto Endre Erdal

Andrés Pardo Rodríguez (33) frå Colombia i Sør-Amerika starta i midten av august som webdesigner og prosjektleiar i Mediebruket.

Han har mastergradene; M.A. i Kunst og kultur og M. Sc. i Media Technology frå Universitetet i Leiden i Nederland, og er på fritida no i gang med master i Digital kultur ved Universitetet i Bergen. Andrés har også utdanning og lang erfaring i fotografering.

Sjølv om spansk er morsmålet, så snakkar Andrés flytande engelsk, portugisisk og er no i god gang med å lære seg norsk.

Er du kunde hos Mediebruket får du garantert gleda av å helse på både Bernt og Andrés. Uansett kan det hende at du treff Bernt og familien på Sande i Gaular, og Andrés på Bystien når han trenar til Sunnfjord Triathlon eller Bystien Førde Opp.