Gutenberg, WordPress sin nye editor

23. august 2018 – Endre Erdal

WordPress planlegg å lansere ein ny editor, med namnet Gutenberg. Meir nøyaktig blir Gutenberg ein del av WordPress 5.0 oppdateringa. Det betyr at du som brukar WordPress til å oppdatere nettstaden din, får eit heilt nytt grensesnitt for å sette opp og redigere sider og innlegg. Vi gjev eit lite innblikk i det du har i vente.

Ein editor forenklar publisering av innhald

Først må ein forstå kva ein editor brukast til. I staden for å skrive innhaldet på nettstaden i HTML (markeringsspråk), har WordPress eit brukargrensesnitt som gjer det mogleg å publisere innhald på ein enkel måte. Det er basert på prinsippet om at innhaldet i editoren er identisk med det ein ser i nettlesaren. 

Ved å bruke verktøy ein kjenner frå andre tekstbehandlingsprogram, som til dømes Microsoft Word eller Google Docs, kan brukarane formatere teksten ved å sette opp lister, sette overskrift og så vidare. Ein slepp altså å lære seg eit nytt språk for å kunne publisere og redigere innhald som er synleg på internett. Veldig greitt.

Det finnast mange ulike typar editor. Nokon meir avansert enn andre. Den noverande editoren til WordPress får mykje skryt for å vere enkel, rask og utan unødvendig mykje funksjonalitet. Samtidig trengst det fortsatt ein del teknisk kunnskap for at innhaldet skal framstå som ønskja.

Gutenberg

Den nye editoren til WordPress skal gjere det enklare å handtere innhald og auke fleksibilitet. Gutenberg er basert på boksar og element, i tillegg til dra og slipp funksjonalitet.

Først og fremst er oppdateringa ein fordel for dei som har lite teknisk kunnskap. Ved å bruke elementa som den nye editoren tilbyr, kan ein enkelt legge til ulike element. Tidlegare har ein måtte bruke kortkodar og HTML i editoren når ein skal publisere same type element – til dømes knappar eller tabellar.

Eit kritisk blikk

Gutenberg er per no tilgjengeleg som plugin. Les ein vurderingar av pluginnet, finn ein mange kritiske blikk. Sjølv om det blir enklare å utføre fleire oppgåver som brukar i WordPress, blir enkelte utfordringar peikt på.

Kritikken rettar seg blant anna mot; 

  • Ikkje-kompatibilitet med plugins og tema
  • Editoren er under arbeid
  • Skift i målgruppe

Ikkje-kompatibilitet med plugins og tema

Frykt for at Gutenberg ikkje skal fungere saman med eksisterande plugins og tema diskuterast opp og ned. Dersom ein driftar mange nettstadar, og fleire sluttar å fungere på grunn av oppdateringa, er det selvfølgelig eit stort problem.

Editoren er under arbeid

Noko som heng tett saman med ikkje-kompatibilitet er at Gutenberg fortsatt er under arbeid. At den allereie i løpet av 2018 skal bli ein del av standard-funksjonaliteten i WordPress (ikkje plugin), er etter mange si meining – for tidleg. Heldigvis er det mogleg å aktivere den noverande editor-versjonen.

Skift i målgruppe

Clean, Lean and Mean skal vere kjernen i merkevaren WordPress. Nokre meiner dei går vekk frå verdiane sine ved å tilby ein meir avansert sidebyggar. Gutenberg kan minne om andre nettsidebyggarar som til dømes Squarespace og Wix – eller bloggplattformar som Medium. Fleire påpeiker og at det finnast tema og plugins som har gode sidebyggarar, og at WordPress ikkje treng å konkurrere med desse.

Mediebruket sitt synspunkt

Når det skjer ei stor endring i eit velkjent produkt (WordPress), er det naturleg at det kjem noko kritikk. Vi meiner at det er eit steg i riktig retning å fornye editoren. Spesielt for sluttbrukaren, som no får moglegheit til å utføre endringar dei tidlegare har måtte spurt Mediebruket (og andre nettside-leverandørar) om.

Samtidig ser vi utfordringane som følger med den nye editoren. Spesielt at den fortsatt er under arbeid og ikkje nødvendigvis er kompatibel med tema og plugins. Vi vil fortsette å teste den nye editoren fram mot ny versjon av WordPress, og vente med å aktivere til vi er sikre på at den ikkje får konsekvensar for våre kundar sine nettstadar.