Forseinka support i veke 18

Frå måndag 29. april til fredag 3. mai 2019 flyttar Mediebruket kontoret til vestkysten av U.S.A., i ei tidssone 9 timar etter norsk tid. Dette gjer at vi desse dagane ikkje har høve til å svare telefonen i norsk kontortid, og svartida i andre kanalar kan bli lengre enn normalt.

Men vi sjekkar epost og supportkanalane for Mediebruket, 123press og Stiftio så ofte vi kan.

Du når som vanleg support på nettstaden support.mediebruket.no og epost support@mediebruket.no.

Eller du kan kontakte oss på post@mediebruket.no om du har andre ærend enn support.

Når klokka er 9 om morgonen i Norge, er det framleis midnatt der vi er. Og når klokka er 16 i Norge er den 7 om morgonen der vi er. Dette gjer at det er vanskeleg for oss å svare like raskt som vi pleier. Men vi svarar så fort som råd, og ringjer deg opp att dersom det er behov for det.

Vi beklagar dei ulempene dette måtte føre til for kundane våre, men vi lovar å kome mykje sterkare att.

Kart med pil frå Norge til USA.

Mediebruket flyttar kontoret til vestkysten av U.S.A. i veke 18.

Attende til dei digitale røtene

Bakgrunnen for at vi flyttar kontoret frå Sunnfjord i veke 18 er at no har vi drive Mediebruket i meir enn 10 år, og ønskjer å gje ei tung men effektiv fagleg oppdatering til alle våre tilsette på same tid. Beste plassen for oss å gjere det er der det meste av dei digitale verktøya vi brukar i det daglege kjem frå: I Silicon Valley i U.S.A.

Kjem sterkt att

Måndag 6. mai er vi attende i normal drift, fagleg oppdaterte og betre på det vi frå før er gode på, og med fleire tilsette.

Bilete av alle tilsette i Mediebruket AS i april 2019.

Dei tilsette i Mediebruket; frå venstre: Endre Erdal, Håvard Grimelid, Oda Holmelid Sandvik, Arild Finne Nybø, Guro Bryn Høgheim, Terje Sørbø og Bernt Jacobsen Standal. (Foto: Thor-Aage Lillestøl, Photoevent)