Gert Vaartjes er ny senior webutviklar i Mediebruket

Mediebruket AS har frå 2. mai 2019 gleda av å ønskje Gert Vaartjes (44)  velkomen som ny senior webutviklar og medeigar. Gert kjem frå stillinga som Developer Advocate i Highsoft AS i Vik i Sogn.

Vaartjes er fødd og oppvaksen i Nederland. Der tok han utdanninga si, og arbeidde som teknisk konsulent og rådgjevar, og som GIS-spesialist. Han flytta til Norge i 2006, og  dreiv i starten som sjølvstendig GIS-konsulent.

Lang erfaring frå suksessbedrifta Highsoft

Frå 2007 til 2011 arbeidde han som programvareutviklar hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Han fekk ansvaret for å utvikle portalen for støtte til dei politiske partia, og var med og utvikla den offentlege nettstaden for rettshjelp.

Hausten 2011 vart han tilsett som senior utviklar hos Highcharts i Vik, som seinare bytte namn til Highsoft. Der har han også i fleire år vore CTO (Chief Technical Officer), og har vore medansvarleg for utvikling, drift og formidling av kunnskap kring produkta og tenestene til det suksessrike selskapet, som har 80 av verdas 100 største verksemder som kundar.

Foto av Gert Vaartjes.

Gert Vaartjes er ny senior webutviklar i Mediebruket.
(Foto: Katharina von Oltersdorff-Kalettka)

Gert driv eit småbruk på si i Feios i Vik kommune, og har teke til seg sognamaolet. På fritida er han lettast å treffe ute i naturen, gjerne i motbakkar. (Foto: Privat.)

− Mest solide og kompetente utviklarteamet vi har hatt

− Gert er ein smart og fagleg svært sterk programmerar, og ein dyktig strateg og analytikar, som vi er glade for å ønskje velkomen til Mediebruket, seier dagleg leiar Arild Finne Nybø.
− Vi har mange omfattande og teknisk utfordrande oppdrag framfor oss i månadane som kjem, og Gert kjem til å få ei viktig rolle i å løyse desse saman med dei tre andre utviklarane våre. Utviklarteamet i Mediebruket er no det mest solide og kompetente vi har hatt i dei ti åra selskapet har eksistert, og gjer oss godt rusta for dei neste ti åra.

Har utvikla 500 internettløysingar

Mediebruket utviklar og driftar alt frå store nettbaserte logistikkløysingar; booking- og flåtestyringssystem, og søknadsbehandlingsløysingar, til enkle nettsider basert på verdas mest utbreidde publiseringssystem, WordPress. Selskapet har utvikla og driftar kring 500 internettapplikasjonar. Med tilsetjinga av Gert Vaartjes utvidar Mediebruket frå sju til åtte fast tilsette. Omsetninga i 2018 var 7,4 millionar kroner, og er venta å auke ein del i 2019.

Arild Finne Nybø er dagleg leiar i Mediebruket.