Mediebruket har opna kontor i Bergen

30. september 2019

Mediebruket har opna avdelingskontor i Bergen sentrum med mangeårig medarbeidar Guro Bryn Høgheim som leiar.

– Vi har stadig fleire store og viktige kundar i Bergen og nabokommunane. Denne delen av Vestland er ein viktig marknad for oss, og vi tykkjer derfor det er naturleg for Mediebruket å vere til stades her, seier ho.

Tilbyr digitale løysingar

Frå kontoret i Bergen.Works i Vestre Skostredet, og ved hjelp av medarbeidarane i Sunnfjord, kan Guro tilby alt frå dei enklaste nettsider til avanserte skreddarsydde digitale verktøy.

– Når nokon tek kontakt og spør om pris på ei nettløysing, så spør eg alltid først kunden om kva behov dei ønskjer å få løyst. Deretter kan vi gje råd som sparar både tid og pengar for kunden, og i fellesskap kan vi kome fram til kva som vil vere den beste løysinga, lage ein enkel kravspesifikasjon, og setje opp eit uforpliktande tilbod, seier Guro.

– Men like viktig er oppfølginga vi kan gje etter at nettløysinga er lansert. Då skal løysinga vedlikehaldast og gjerne vidareutviklast. I Mediebruket er vi med heile vegen, og kan gje råd og hjelpe til med drifta.

Lang erfaring med store prosjekt

Guro har lang og brei erfaring i Mediebruket som senior prosjektleiar. Ho har også vore konstituert som dagleg leiar.

Av nyare og større prosjekt som Guro er og har vore ansvarleg for kan nemnast søknadsbehandlingsløysing for gåvemidlane som Sparebanken Vest deler ut, den nasjonale portalen seniornett.no, nettstadar til 12 bibliotek i Hordaland på oppdrag frå Hordaland fylkeskommune, nettsider til Bergen Havn, nettbutikk til Noregs største private vidaregåande skule Akademiet og eit femtitalls mindre nettsider for bedrifter over heile landet.

Guro er frå Voss, og då ho starta i Mediebruket i 2013 kom ho frå stillinga som forretningsutviklar i Left Brain Marketing i Bergen.