Vanja er ny webkonsulent i Mediebruket

31. oktober 2019

Vanja Birkelid (25) frå Naustdal tykkjer sjølv ho har fått draumejobben. For som webkonsulent i Mediebruket får ho brukt alle delar av kompetansen sin.

Vanja Birkelid (25) frå Naustdal byrja i Mediebruket i PEAK Sunnfjord i oktober 2019.

Studiane innan marknadsføringsleiing på BI, og reklame og merkekommunikasjon på Norges kreative høgskole, er i høgste grad relevant for arbeidet ho skal gjere. Men i tillegg har ho heilt frå ungdomstida drive med koding av innhald på nettsider.

I Mediebruket vert Vanja såleis ein trygg og dyktig samarbeidspartnar i alle fasar i arbeidet med å utvikle nye nettløysingar. Ho vil kunne ta ansvaret heilt frå kunden tek kontakt for å få løyst eit problem, gje tilbod, leie prosjektet, ivareta kunden sine behov, og styre utviklarar og designarar, fram til fiks ferdig nettside er klar til lansering. Og når nettløysinga er på lufta står Vanja og kollegaene klare til å hjelpe til med drifta.

– Vi er veldig glade for at Vanja takka ja til tilbodet om jobb hos oss, seier dagleg leiar Arild Finne Nybø.

– Vi lyste ut stillingar som webkonsulent på hovudkontoret i Førde og avdelingskontoret i Bergen og fekk heile 28 søkjarar. Veldig mange hadde høg og relevant kompetanse, så vi fekk eit luksusproblem då vi måtte velje. Dei fleste søkte seg til Førde-kontoret, der vi tilset èin person i denne runden. Så kjem vi til å ha vidare kontakt med dei som søkte seg til Bergen, med tanke på utviding av staben der etter kvart.