Digital infotavle med alt du måtte ønskje å formidle

22. januar 2020

Ei digital infotavle er nyttig på mange vis. No tilbyr Mediebruket oppsett og drifting av infotavler til våre nettstadkundar.

Det er berre fantasien som set grenser for kva ei digital infotavle kan brukast til. Den kan mellom anna fungere som vegvisar, som marknadsføringsplatform av produkt, som presentasjon på messer og for å informere om viktige hendingar.

Dette har vi sjølve sett behovet for i vår verksemd, og etter kvart hos våre kundar. Etter å ha testa ei løysing for dette ønskjer vi derfor å tilby våre nettstadkundar denne tenesta for berre kr 100 i månaden.

Møteromsoversikt på Peak

Møteromsoversikt på Peak Sunnfjord

Ved hjelp av ein WordPress-plugin set ein opp eit eige område for infotavler på sin nettstad. Her kan ein opprette opp til fleire visingar, og URL til desse visingane henter ein ut på den eller dei skjermane ein vil presentere informasjonen på.

De kan setje opp så mange ulike samtidige visningar de ønskjer, på så mange skjermar de vil. Berre fantasien set grenser for kva typar informasjon de kan vise: Ein skjerm kan vise dagens meny i kantina, ein annan kan vise oversikt over møter, ein tredje kan vise dei siste innlegga dykkar frå nettstaden og dei siste instagram-bileta, og ein fjerde kan vise ein bildekarusell med referansar som allereie ligg på nettstaden, slik vi har gjort for vår eigen del i Mediebruket.

Sjå korleis vår infokarusell er satt opp her

Vår eigen skjerm, vendt mot forbipasserande på utsida av bygget

Tykkjer du dette høyrest interessant ut? Ta kontakt, så kan vi hjelpe deg med å kome i gang. Du kan velje å setje opp visinga sjølv gratis, eller vi kan hjelpe deg med oppsettet.

Det einaste du treng er ein skjerm og ein nettstad hos oss. Dersom du ikkje har sistnemnde er du velkomen til å sende oss ei melding dersom du har spørsmål rundt dette.