Thomas og Martine blir traineear i Mediebruket

30. mars 2020

Mediebruket har gjennom Framtidsfylket sitt traineeprogram tilsett Martine Oddvarsdotter Myren (23) frå Haukedalen i Førde som webrådgjevar trainee, og Thomas Hafstad (21) frå Førde som trainee innan marknadsføring.

– Vi fekk fleire gode søkjarar på den eine traineestillinga vi lyste ut, og derfor vel vi å tilsetje to. Det er i nedgangstider ein skal satse, heiter det, seier dagleg leiar Arild Finne Nybø i Mediebruket AS. Sist dei lyste ut èi traineestilling valde dei også å tilsetje to, og begge fekk fast jobb etterpå.

Foto av Thomas Hafstad og Martine O. Myren

NYE TRAINEEAR: Thomas Hafstad og Martine O. Myren er nye traineear i Mediebruket AS, gjennom traineeprogrammet til Framtidsfylket. (Foto: Privat)

Martine Myren startar på Førde-kontoret i midten av juni når ho er ferdig med bachelor i Media, IKT og design ved Høgskulen i Volda. Ho har gjennom studiet lært seg HTML, enkel CSS og Javascript, og har designa og sett opp nettsider, noko som kjem godt med i arbeidet i Mediebruket.

Thomas Hafstad skal jobbe med å marknadsføre tenestene til Mediebruket. Han er snart ferdig med bachelor innan marknadsføringsleiing ved BI Bergen. Thomas har vore på utveksling til Hong Kong, og har vinteren og våren 2020 vore utplassert som intern hos Simp AS, der han i hovedsak driv med content marketing, og designar og set opp marknadsføringskampanjar. Han startar i august på Førde-kontoret for å bli kjend med bedrifta og tenestene våre, men skal etter kvart vere fast på Mediebruket sitt kontor i Bergen.

Spesialisert på utvikling og drift av digitale løysingar

Mediebruket held til saman med andre teknologiverksemder i PEAK Sunnfjord i Førde. Vi er inne i vårt 11. driftsår med jamn vekst, og oppretta i fjor eit avdelingskontor i Bergen. Vi tek på oss oppdrag innan webutvikling, og har spesialisert oss på både utvikling og drift av digitale løysingar, alt frå dei enklaste heimesider til store og avanserte logistikksystem.

Til dømes har vi utvikla ei rekkje løysingar for behandling av søknadar, slik som dei Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest brukar for å ta imot søknadar og dele ut pengar til lag og organisasjonar, eller den som Statens Kunstutstilling Høstutstillingen brukar for å få inn søknadar frå kunstnarar som ønskjer at verka deira skal bli med i utstillinga.

Mediebruket utviklar også i desse dagar eit kontrollpanel for nabobedrifta Intin for å kunne styre smartlåsar, og har saman med Intin ein omfattande og langsiktig kontrakt med Forsvarsbygg for å levere låsar og styring til fleire tusen av Forsvaret sine dører.

Dei store prosjekta er kvar for seg viktige økonomisk, men det er vanlege nettsider i alle storleikar Mediebruket leverer mest av, både aleine og i samarbeid med reklamebyrå. Sjølv om etterspurnaden går litt ned i desse dagar, så har dagleg leiar tru på at det vil ta seg opp att til hausten når traineeane er i sving.

Satsar på vekst frå hausten

– Å tilsetje to hadde vi rett nok bestemt oss for før korona-problema starta, men vi valde å ikkje endre på den avgjerda. Med heimekontor for dei aller fleste, gjerne med omsorg for heimeverande barn, går produksjonen vår og dermed inntektene litt ned. I tillegg vil nok talet på nye oppdrag gå ned, seier Nybø.

– Slik drifta vår er innretta vil ikkje dette gje oss økonomiske utfordringar på kort sikt. Men vi har kring 500 kundar, og eg er dessverre redd for at ein del av desse vil få vanskar etter kvart, noko som kan råke oss siste halvdelen av 2020 og på nyåret 2021.

Nybø seier det derfor for viktig for bedrifta å styrke seg på marknadsføring, og har tilsett Thomas til å drive med dette på heiltid frå august. I tillegg må dei sørge for å ha nok kapasitet til å jobbe med nye oppdrag, noko Martine skal bidra til.