Lyder kommer til oss med bred mediekompetanse

FAGBLOGG 

I Mediebruket er vi glade for å kunne ønskje Lyder Stefan Minde Janøy velkomen på laget på kontoret i Bergen. Lyder er ein mann med mange talent. Han starta å jobbe som webutviklar og webdesigner hos oss i mars 2021, og er godt i gang med sitt første webutviklingprosjekt.
Lyder vaks opp i Skien og budde der i 15 år før han flytta til Boston i USA for å studere på Berklee College of Music. Undervegs i studiet fekk han interesse for nettsider, noko som gjorde at han starta å studere webdesign og programmmering ved sida av musikkstudiet.

Ein av lidenskapane hans er fotball, og favorittlaget er Real Madrid. Selv om han akkurat nå for tiden er på «utlån» til både Manchester United og Arsenal. På fritida er han ein aktiv badmintonspelar og dermed medlem av Bergen badminton. Ei vanleg veke består dermed av 1-2 treningar i Tertneshallen, i tillegg til å sjå fotball, lage musikk, måle og teikne.

Webdesign, TV-klipping og 3D-prospekt

Etter endt utdanning flytta Lyder tilbake til Norge og starta som webdesigner i Webplan. I 2003 oppretta han og broren selskapet Animidas. Her jobba han mykje med å utvikle 3D-prospekt for byggebransjen på Sørlandet, men flytta etterkvart til Oslo. Der var fokuset rettet mot produksjon av animasjon for TV og film. Innhald blei blant anna produsert for Senkveld, Manshow og Spelemannprisen.

I åra etter Animidas jobba han som TV-klyppar, fram til han i 2017 flytta til Bergen saman med kona Reidun. Her søkte han tilbake til IT-røtene sine, og såg at ting byrja å skje på JavaScript-fronten. Først utvikla han eit support-system for Motitech i Nordhordaland, og har i seinare tid jobba med Crescat i Bergen på deira festival- og event-avviklingssystem.

Jobben i Mediebruket

Lyder kjem frå ei stilling som webutviklar, men har også lang erfaring med produksjon av video og animasjonar. I Mediebruket skal han i starten jobbe mest med webutvikling og webdesign, og seinare mellom anna prosjektleiing og oppfølging av kundar. Mediebruket har til ei kvar tid mange prosjekt på gang, og ein stadig veksande ordrebunke, så han kjem ikkje til å gå tom for arbeid.
crossmenuarrow-right linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram