Mediebruket AS er eit konsulentselskap som utviklar webbaserte verktøy. Vi er ekspertar på skreddarsydd utvikling og drift av digitale løysingar – frå dei enklaste nettsider til avanserte logistikk- og kundebehandlingssystem, nettbutikkar og bookingløysingar. Mediebruket er ei solid bedrift i vekst.

Ledige jobbar i Mediebruket

Vi har ikkje ledige stillingar nett no, men det kan fort endre seg. Legg gjerne att epostadressa di i feltet for Stillingsvarsel, så sender vi varsel neste gong vi lyser ut ei stilling. Backendspråka våre er PHP (WordPress) og Ruby (Rails)

Dersom du har kompetanse som du trur vi har bruk for, så send gjerne ein open søknad til arild@mediebruket.no.

Stillingsvarsel

  • Skriv inn epostadressa du vil bli varsla på

Frynsegoder i Mediebruket

I Mediebruket får alle tilsette, i tillegg til løn, eit godt arbeidsmiljø og suverene arbeidsreiskapar:

  • fleksibel arbeidstid og -stad
  • knallbra pensjonsordning betalt av arbeidsgjevar (7 %)
  • månadskort på treningssenter, og høve til å trene i arbeidstida
  • gratis lunsj, drikke og snacks
  • betalt reise og deltaking på relevante kurs og konferansar