Mediebruket er på jakt etter unge og talentfulle programmerarar

Går du på vidaregåande skule og driv med koding på si? 
Så bra! I Mediebruket vil vi gjerne kome i kontakt med deg 
dersom du har talent for koding, uansett kva nivå du er på.

Vi vil at du skal sjå på Mediebruket som ein attraktiv mogleg arbeidsplass anten no eller i framtida. Derfor vil vi gjerne at du skal bli litt meir kjend med oss. 
Og vi ønskjer å bli kjende med deg. Kanskje kan vi starte eit samarbeid alt no?

Mange dyktige programmerarar er sjølvlærte. Dei lærer seg gjerne koding langsmed studiar eller jobb. Og mange av desse reiser rett frå vidaregåande skule vidare til høgskule andre stader. Men av og til kan det vere eit vel så bra og lønsamt alternativ å få litt jobberfaring først, i ei bedrift som Mediebruket.

Høyrest dette interessant ut?

Send nokre ord om deg sjølv til dagleg leiar, send lenker til noko du har koda, og hugs å legge ved kontaktinfo. Normalt vil du få svar innan ei veke.

Ta kontakt med:

Dagleg leiar Arild Finne Nybø
arild@mediebruket.no
Telefon: 977 33 028


Mediebruket AS er eit konsulentselskap i Førde innan webbaserte verktøy. Vi har som mål å vere blant dei fremste ekspertane i Norge innan skreddarsydd utvikling av digitale løysingar basert på WordPress og Ruby On Rails – frå dei enklaste nettsider, til avanserte logistikk- og kundebehandlingssystem, nettbutikkar og bookingløysingar, til både private og offentlege innkjøparar.

Vi er sju tilsette, og av desse er tre programmerarar. Når vi rekrutterer, så tenkjer vi langsiktig. Om du tykkjer vi ser ut til å vere ei bedrift du har lyst til å bli kjend med, og kanskje har lyst til å jobbe her som juniorprogrammerarar no eller seinare, så ta kontakt.

Skulle det gå slik at du etter kvart får fast jobb i Mediebruket, så kan du sjå fram til dette (i tillegg til løn, eit godt arbeidsmiljø og suverene arbeidsreiskapar):

  • fleksibel arbeidstid og -stad
  • knallbra pensjonsordning betalt av arbeidsgjevar
  • månadskort på treningssenter, og høve til å trene i arbeidstida
  • gratis lunsj, boblevatn, brus, kaffi/te og snacks
  • betalt reise og deltaking på relevante kurs og konferansar