Skjema og verktøy for å etterkome dei nye personvernkrava


Viktig!

Skal du fylle ut eitt einaste skjema for å etterleve det nye personvernlovverket i EU og Norge, så er det dette skjemaet. Vi har gjort det enkelt for deg.

Ikkje vent, men fyll ut skjemaet i dag og bruk verktøya du då får tilgang til. Det tek berre 5 minutt. Dermed er det meste av jobben gjort.

Du har sikkert høyrt mykje om GDPR – dei nye personvernreglane som vart innført i Norge i juli i 2018. For å etterleve desse reglane på dei internettløysingane som Mediebruket driv for dykk, så er det 3 ting de har ansvar for:

  1. Databehandlaravtale: De er behandlingsansvarleg for nettløysingane, og det er dykkar ansvar å utarbeide ein databehandlaravtale med databehandlar Mediebruket. Ved å fylle ut skjemaet nedanfor vil de få ei rettleiing tilpassa dykk, og viss de kryssar av for at de vil setje opp ein avtale sjølve, så får de tilsendt eit fiks ferdig framlegg til tekst anten vi driftar ei eller fleire løysingar for dykk. Sjå: Døme på databehandlaravtale med Mediebruket.
  2. Personvernerklæring: Det er krav om at de må publisere ei personvernerklæring på nettsidene dykkar om korleis de handterer personopplysingar. Ved å fylle ut skjemaet får de hjelp til dette. Sjå døme på: Personvernerklæring.
  3. Informasjon om informasjonskapslar: På så og seie alle nettstadar vert det nytta informasjonskapslar (cookies) for å gjere brukaropplevinga betre. Å fjerne alle er både vanskeleg og ikkje tilrådeleg, og det er heller ikkje EU si meining at dei skal fjernast. Men det rår tvil om det er tilstrekkeleg at det blir opplyst om dette i personvernerklæringa, eller om den besøkande aktivt må klikke «Eg godtek vilkåra» eller «Eg forstår» på ei melding som t.d. er slik: «Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Les meir i vår Personvernerklæring (lenke dit).»
    Vårt råd er at de, iallefall inntil vidare, legg inn ein såkalla «cookie consent», det vil seie ei melding på nettstaden som den besøkande aktivt må ta stilling for å navigere vidare. Dette får de hjelp til i skjemaet nedanfor.

Og hugs: Dette MÅ gjerast på eitt eller anna tidspunkt for å sikre at de og vi følgjer lovverket, så det er best å kome i gang no!

Prisane i skjemaet er ekskl. mva.