Ein responsiv nettstad er ein nettstad med innhald som tilpassar seg skjermen sin størrelse. Innhaldet er fleksibelt og relativt til eininga du brukar. Layouten (det grafiske oppsettet) og innhaldet ser gjerne annleis ut på ein dataskjerm enn ein mobilskjerm.

Responsivt design (mobiltilpassa design) betyr at ei nettside responderer korrekt uansett kva enhet som viser sida. Nettsida er med andre ord like brukarvenleg på mobil og nettbrett som på PC. I ein kvardag der nettet blir sjekka til alle døgnets tider – på reise, på butikken, i bilen – på nettbrettet, mobilen og PC, så er det viktig at du veit at sida di er god nok uansett kva størrelse brukaren har på skjermen sin. Det veit du om du har ei responsiv nettside.