Foto av Arild Finne Nybø. Fotograf: Endre Erdal.

Arild Finne Nybø

Dagleg leiar

Litt om Arild

Arild er dagleg leiar, webkonsulent og vår alt-mogleg-mann. Han har lang og brei erfaring som prosjektleiar, medierådgjevar og tekstforfattar.

Arild arbeidde i aviser, radio og TV, som journalist, videofotograf og redaktør, frå 1987 til 2009, då han starta Mediebruket. Han har erfaring med internett-arbeid sidan midten av nittitalet. Han har dessutan vore informasjonssjef i Helse Førde, og er mykje brukt som rådgjevar og førelesar.

Arild er ikkje redd for å gje tydelege råd. Med sin breie internett-kompetanse, og røynsle med oppturar og nedturar på internett, er det derfor lurt å kople han på prosessen så tidleg som råd på eit prosjekt. Han kan hjelpe deg med å unngå å gjere store og kostnadskrevjande feil, slik at pengar blir spart og prosjektet får ein god start.

Arild er frå Voss, men kallar seg også førdianar og sunnfjording, etter å ha budd i Førde med familien sidan 1996.