Endre Erdal

Webkonsulent / Forhandlar-ansvarleg

Litt om Endre

Endre er webkonsulent og er ekspert på søknadssystema som Mediebruket leverer. Av nyare søknadsløysingar Endre har vore prosjektleiar for kan vi nemne søknadsbehandlingssystemet til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Nasjonalmuseet og Statens Kunstutstilling Høstutstillingen. Endre kan elles hjelpe deg med både små og store ting som gjeld nettsida di, gje deg tilbod på utvikling av nye løysingar og om det å vere synleg på nett.

Endre er frå Førde og flytta tilbake etter nokre år som student i Bergen. Han har ei bachelorgrad frå Handelshøyskolen BI, og med det brei kunnskap innan marknadsføring, innovasjon og økonomi. Endre starta i Mediebruket som trainee i 2017, før han vart fast tilsett i 2018.