Gert Vaartjes

Senior webutviklar

Litt om Gert

Gert starta som senior prosjektutviklar i Mediebruket i 2019. Han har solid og lang erfaring som utviklar, og er knallgod på å løyse komplekse utfordringar og på å bygge avanserte digitale løysingar.

Tidlegare har han arbeidd som programvareutviklar hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Der fekk han ansvaret for å utvikle portalen for støtte til dei politiske partia, og var med og utvikla den offentlege nettstaden for rettshjelp.
I 2011 vart han tilsett som senior utviklar hos Highcharts i Vik, som seinare bytte namn til Highsoft. Der har han også i fleire år vore CTO (Chief Technical Officer), og har vore medansvarleg for utvikling, drift og formidling av kunnskap kring produkta og tenestene til det suksessrike selskapet, som har 80 av verdas 100 største verksemder som kundar.

Gert er fødd og oppvaksen i Nederland. Han flytta til Noreg i 2006 og er no busett i Feios.