Guro Bryn Høgheim

Senior prosjektleiar

Litt om Guro

Guro er senior prosjektleiar og har lang og brei erfaring som prosjektleiar i Mediebruket. Av nyare større prosjekt kan vi nemne den omfattande nasjonale portalen seniornett.no, nettstadar til 12 bibliotek i Hordaland på oppdrag frå Hordaland fylkeskommune, nettside og nettbutikk til Noregs største private vidaregåande skule Akademiet og eit femtitalls mindre nettsider for bedrifter over heile landet.

Då Guro starta i Mediebruket i 2013 kom ho frå stillinga som forretningsutviklar i Left Brain Marketing i Bergen.

Guro er frå Voss og har budd i Førde sidan 2013. Hausten 2019 flyttar ho til Bergen og skal drive Mediebruket sitt bergenskontor.