Oda Holmelid Sandvik

Webkonsulent

Litt om Oda

Oda er webkonsulent og jobbar dagleg med oppsett av nettsider til både små og store kundar over heile landet. Ho kan gje deg solide råd om korleis du får ei brukarvenleg og god nettside. Av nyare prosjekt ho har hatt ansvar for kan vi nemne nettstad til Førde Gjestehus og Camping med produktutlisting og reservasjonsskjema og nettsida vlfk.no for prosjektet med samanslåing av Hordaland fylke og Sogn og Fjordane fylke til Vestland fylke.

Oda er frå Bygstad, og flytta til Førde etter å ha studert Nye medier ved Universitetet i Bergen. Under studiet lærte ho mellom anna om interaksjonsdesign, datahandtering og programmering. Ho har også jobba med webdesign, og har god trening med å lage nettsider som er universelt utforma, brukarvenlege og har eit responsivt design. Oda starta i Mediebruket som trainee i 2017, før ho vart fast tilsett i 2018.