Terje Sørbø

Senior webutviklar

Litt om Terje

Terje er senior forvaltningsutviklar og utviklingsansvarleg/teknisk sjef (CTO), og har spesialisert seg på Ruby on Rails og WordPress. Terje er ein svært erfaren utviklar med kring 200 webløysingar, front- og/eller backend i portefølja.

Då Terje vart medeigar og tilsett i Mediebruket i 2010 kom han frå stillinga som seniorutviklar i Firda Digital der han utvikla fleire produksjonsverktøy for mediebransjen. Han har lang erfaring som grensesnitt-programmerar, og har kompetanse på LAMP-/LEMP-miljø og open source-programvare.

Terje er oppvaksen i Eikefjorden, og er no busett på Sunde i Førde med familie.