Samfunnsansvar

Mediebruket AS deltek aktivt i lokalsamfunnet og regionen der vi har hovudkontor. Vi har ei uttalt og innarbeidd haldning til at vi skal bidra til at staden der medarbeidarane våre bur og arbeider er ein god plass å vere.

I tillegg skal vi bidra til at barn og unge, i heile landet, aukar si digitale forståing og med det kan handtere si eiga rolle betre i det digitale samfunnet.

Dette gjer vi m.a. slik:

Sponsing

Våren 2019 gjekk vi inn som partner og sponsor for det idealistiske prosjektet til IKT Norge: Lær Kidsa Koding! Dette er ei frivillig rørsle, og tiltaket vil hjelpe dei unge til å ikkje berre bli medvitne brukarar, men også skaparar med teknologien som verktøy.

Bedrifta bidreg også fast økonomisk til til det breie idrettsarrangementet Bystien Førde Opp og var sponsor for  European Weightlifting Championship in Førde 2016. Vi sponsar også drift av nettsidene til to idealistiske e-sport-klubbar.

Foto av Herdis Moldøen i Lær Kidsa Koding! og Oda Holmelid Sandvik i Mediebruket.

PARTNERMØTE: Herdis Moldøen (t.v.) i Lær Kidsa Koding! og webkonsulent Oda Holmelid Sandvik (t.h.) i Mediebruket. 

«Paying it forward»

Viktigast er kanskje at vi har ei transparent bedrift, og held dørene opne for alle som ønskjer å kome på besøk for å få råd og lære. Vi har hatt flere titals besøk frå gründerar og andre etablerarar som ønskjer vederlagsfrie råd og rettleiing, og frå ungdom som ønskjer å utdanne seg innen vår bransje.

Lærlingar og traineear

Vi har også teke inn utplasseringselevar og studentar frå ungdomsskule og yrkesskule, som har fått opplæring og arbeidd hjå oss i kortare og lengre periodar. I 2020 tek vi inn to nyutdanna personar gjennom programmet Framtidsfylket trainee, og ein lærling frå vidaregåande skule.

Seier «nei» til uetiske prosjekt

Vil held i tillegg den etiske fana høgt, og takkar konsekvent nei til oppdrag for kundar viss forretningsmodellen deira eller sluttproduktet dei ber om er i strid med våre etiske og moralske verdiar og/eller lovverket.

Arild Finne Nybø i Mediebruket var på SeniorSurf-dagen 2017 i Førdehuset og snakka om trygg bruk av sosiale medier.

Dugnad

Medarbeidarar bidreg på faglege og næringslivsretta konferansar og i nettverk lokalt og nasjonalt med uløna innsats. Vi har m.a. vore aktivt med i styret for IT-forum Sogn og Fjordane, der ei av dei viktige oppgåvene er å sjå til at alle innbyggjarane i fylket får tilgang til raskt internett.

Bedrifta held også sporadisk gratis kurs for privatpersonar, t.d. har vi halde fleire kurs i bruk av sosiale medium for pensjonistar i Seniornett Førde, og kurs for å hjelpe dei til å handtere den digitale kvardagen betre.