Teknologi

Vi har som mål å vere blant dei fremste ekspertane i Norge innan skreddarsydd utvikling av digitale løysingar basert på WordPress og Ruby On Rails. Døme på kva vi har utvikla finn du under Referansar.

wordpress-logoWordPress

Webutvikling med verdas mest utbreidde publiseringssystem gjev deg full friheit i dag og i framtida. WordPress er vi ekspertar på i Mediebruket, og med dette fleksible systemet i botnen har vi skreddarsydd alle slags nettstadar.

Universell utforming

I Norge set nye forskrifter krav til universell utforming på alle nettstadar. Målet er at alle skal kunne bruke dei digitale tenestene, uavhengig av funksjonsevne. Mediebruket har lang erfaring med dette, blant andre for Lotteri- og stiftelsestilsynet som vart nominert for «Årets statlege nettstad».

httpsSSL-sertifikat

Vi tilbyr gratis SSL-sertifikat til alle kundar. Dette gjer at all trafikk mellom nettstad og brukar vert kryptert, og gjev betre rangering hos Google., som dermed reknar nettstaden som trygg. I tillegg hjelper vi til med å optimalisere nettstaden for å gje best mogleg synlegheit hos søkjemotorane.

Tenester og produkt

  • For skreddarsydde løysingar i WordPress og Ruby On Rails, nettstadar, nettbutikkar, logistikksystem m.m., ta kontakt med Mediebruket og fortel oss om behova dykkar.
  • I vår nettbutikk kan du kjøpe innstikk/plugins til WooCommerce og Prisjakt eller 24SevenOffice, DIBS og Gravity Forms.
  • 123press logoEr du på jakt etter enkle og rimelege ferdigløysingar kan det hende ein nettstad eller nettbutikk basert på ferdigmal i 123press er noko for dykk.
  • Stiftio_Liggande_RGB_TMVi kan også tilby skreddarsydde system for behandling av søknadar til pengeutdelande stiftingar gjennom vår merkevare Stiftio. Ta kontakt og fortel oss om behova, så kan vi sende deg eit framlegg til løysing.