Nettside for Prosjekt Sunnfjord

Mediebruket har utvikla nettsidene for prosjektet med Noregs største kommunesamanslåing: Jølster kommune, Gaular kommune, Naustdal kommune og Førde kommune slår seg saman til Sunnfjord kommune.

Nettstaden fungerer som eit informasjonsnav for samarbeidet mellom kommunane, informasjon til innbyggarane og innbyggardialog. Nettstaden innheld generell informasjon, kontaktpersonar, referat frå møter, viktige datoar osv.

Utvalt funksjonalitet på prosjektsunnfjord.no

Ta kontakt om de ønskjer kontaktinformasjon til referansepersonar.

Dette er eksempel på ei løysing vi har laga for ein offentleg innkjøpar, og er berre ein av mange hundre internettløysingar og -verktøy utvikla av Mediebruket. Sjå fleire eksempel på leveransar til offentlege innkjøparar.

Vi har utvikla og står for drift, support og vedlikehald av fleire hundre heimesider og andre internettbaserte verktøy og løysingar, for både private og offentlege kundar i alle bransjar. Viss de ikkje finn eksempel på det de leiter etter her, så ta kontakt og spør oss. I dei aller fleste tilfeller kan vi då vise dykk eksempel på løysingar vi har utvikla, og som løyser behova dykkar innanfor budsjettet.

Alle Mediebruket sine leveransar av nettstader inneheld all funksjonalitet som er naudsynt for å lage og drive ein standard nettstad.

Dette inkluderer f.eks. bruk av open kjeldekode, mobiltilpassa responsiv design, høve for å legge inn ein tilnærma ubegrensa mengde tekst og bilder, vise video, enkelt søk på nettstaden, legge til brukarar med ulike roller, og gode moglegheiter til å forandre på designet m.m.. Men vi legg ikkje inn ekstra funksjonalitet dersom de ikkje har bruk for den. Dette gjer det lettare for dykk å administrere nettstaden.

Vil du vite meir?

Vi har laga eit informasjonshefte i PDF-format om Mediebruket som leverandør til offentlege innkjøparar, med ei rekke eksempler på kva vi kan levere. Legg inn epostadressa til den du ønskjer skal få tilsendt informasjonsheftet: