I januar 2025 tredde Noregs oppdaterte lov om e-kommunikasjon i kraft, som ga nye krav til samtykke for innsamling av informasjon frå brukarar av eit nettstad ved bruk av informasjonskapslar.
Nettstader brukar vanlegvis informasjonskapslar til mange praktiske ting, men enkelte tenester som lastast på eit nettstad krev no ekstra samtykke før dei lastast inn.
Slik kan det løysast
Mediebruket tilbyr samtykkehandtering til sine nettstader. Installasjonen skjer etter førespurnad til support@mediebruket.no, og ein bør gi publiseringsrett i Google Tag Manager til mediebruket@mediebruket.no for at installasjonen skal skje så effektivt som mogleg.
Etter installasjonen vil brukarar få omsett gjeldande informasjonskapslar på sitt språk (nynorsk eller bokmål), og ein seksjon med oversikta vil bli lagd til personvernerklæringa på nettstaden.
Kostnaden for tenesta leggast til kundens faste driftskostnad hos Mediebruket. Prisen er også fast, slik at ein ikkje får nokon uventa endringar i pris. Fleire tilbydarar det siste året har ekspirementert mykje med prismodellane sine (bla. Cookiebot), men vi har nå eit produkt vi kan tilby til ein fast pris.
Design
Fargane tilpassast kvar enkelt nettstad og skrifttypar arvast frå nettaden sitt design for at den skal passe inn, og ikkje stille ut som eit fremmad element

Kva sier loven?
Det er ikke tillatt å lagre eller å skaffe seg tilgang til opplysninger i sluttbrukers eller brukers kommunikasjonsutstyr uten at den aktuelle sluttbrukeren eller brukeren er informert om blant annet hvilke opplysninger som behandles, formålet med behandlingen og hvem som behandler opplysningene, og uten at den aktuelle sluttbrukeren eller brukeren har gitt samtykke.
Dette betyr i den vidaste forstand at ein skal innhente samtykke før nettstaden hentar ut informasjon om brukaren, på eiga hand eller via ein tredjepart, uansett føremål.
Dei fleste tredjepartstenestene, spesielt dei som er gratis, vil som oftast forsøke å samle inn brukardata via ditt nettstad når du nyttar det. Det kan vere så enkelt som eit kontaktskjema eller innlema video frå YouTube.
Har det nokre praktiske konsekvensar?
Tenesteleverandørar som Google kan begrense tenesteutvalet og kvaliteten på tenestene sine basert på om ein har innhenta samtykke. Så sporingsdata gjennom Google Analytics og målretta annonsering gjennom Google Ads kan fungere annleis basert på om du har samtykkehandtering på dine nettstader.
Så om du er avhengig av avansert segmentering av data for målretta reklamekampanjar eller brukaranalyse må du har samtykkehandtering på plass.
Datatilsynets råd for å gi brukarar høve til samtykke
- Gje klar og tydeleg informasjon i samtykkeboksen.
- Suppler samtykkebanneret med fullstendig informasjon.
- Ikkje gjer tilgangen til nettstaden eller tenesta betinget av samtykke.
- La brukaren velje kva føremål dei vil samtykke til eller ikkje.
- Ikkje bruk førehandavkryssede bokser eller aksept ved passivitet.
- Ikkje la avvising av samtykke krevje ekstra klikk eller vere meir brysomt.
- Ikkje skjul alternativet for å avvise samtykke, eller gi det lågare merksemdsverdi.
- Bruk klare og enkle formuleringar i knappar eller tilsvarande designløysingar.
- Gjer det enkelt å trekke tilbake samtykke og informer om dette.
- Halde orden i eige hus.
Unntak
Dei einaste unntaka er:
- utelukkande for det føremålet å overføre kommunikasjon i eit elektronisk kommunikasjonsnett, eller
- som er strengt nødvendig for å levere ei informasjonssamfunnsteneste etter den aktuelle sluttbrukarens eller brukarens uttrykkelege førespurnad.
