Om Mediebruket

Med ei blanding av webutviklarar, webdesignarar, webredaktørar og erfarne rådgjevarar skaper vi kreative løysingar for prosjektet ditt.

Kreative teknologar

I Mediebruket er vi opptekne av å spele kvarandre gode, og brukar vår kompetanse på tvers av fagområder for å skape brukarvenlege løysingar som gir deg dei resultata du ønskjer.

E-handelsspesialisten Maksimer AS er hovudeigar i Mediebruket. Det betyr at Mediebruket i samarbeid med dei også kan tilby heile spekteret av tenester innan e-handel, digital marknadsføring og søkjemotoroptimalisering. Ta kontakt for å høyre meir om dette.

Langvarige forhold, og inga bindingstid

Vi likar å ha langvarige og strategiske forhold – ikkje å hoppe inn og ut av kortvarige forhold. Vi ser på våre kundar som partnarar og ønskjer eit samarbeid over tid. Dei digitale løysingane vi leverer vert drifta gjennom ein trygg og god hostingavtale, slik at løysinga di blir godt ivareteken.

Utviklingsteamet vårt hjelper deg blant anna med vedlikehald, vidareutvikling av løysinga og nye funksjonar. Og ikkje minst sikre at sida di er trygg.

Men det kan vere mange gode grunnar til at du ikkje lenger kan ha Mediebruket som leverandør. Vi vil berre at du skal vere kunde hos oss når du verdset dei tenestene vi leverer. Den dagen du ikkje lenger treng oss står du derfor fritt til avslutte forholdet, utan straffegebyr eller å måtte betale for framtidige tenester du ikkje får bruk for.  Vi har inga bindingstid.

Bærekraft og samfunnsansvar

Mediebruket AS deltek aktivt i lokalsamfunnet og vestlandsregionen der vi har hovedkontor. Vi ønskjer å bidra til at plassen der medarbeidarane våre bur og arbeider skal vere ein god plass å halde til. I bidrar vi til at barn og unge, i heile landet, aukar si digitale forståing og med det kan handtere si eiga rolle betre i det digitale samfunnet. Vi reduserer klimaavtrykket vårt så godt vi kan, og kjøper klimakvoter for å kompensere for dei utslippa vi ikkje kan unngå.