Ekspertar på nettsider, markedsføring og webdesign

Med ei blanding av utviklarar, webdesignarar og markedsførarar skaper vi kreative løysingar for prosjektet ditt.

OM MEDIEBRUKET

Kven er vi?

Vi er spesialiserte på skreddarsydd utvikling og drift av digitale løysingar - frå dei enklaste nettsider til løysingar for avansert søknadsbehandling i både privat og offentlig sektor. På same tid som vi jobbar aktivt med utvikling, bringar vi saman markedsførarar og designarar som hjelper bedrifta di bedrift å bli synleg digitalt på nett, med gjennomtenkt digital markedsføring, slik at du når forretningsmåla dine.

Kreative teknologar

Med ei blanding av utviklarar, webdesignarar og markedsførarar skaper vi kreative løysingar på behova dine. I Mediebruket er vi opptekne av å spele kvarandre gode, og brukar vår kompetanse på tvers av fagområder for å skape brukarvenlege løysingar som gir deg dei resultata du ønskjer.

Langvarige forhold, og inga bindingstid

Vi likar å ha langvarige og strategiske forhold - ikkje å hoppe inn og ut av kortvarige forhold. Vi ser på våre kundar som partnarar og ønskjer eit samarbeid over tid. Dei digitale løysingane vi leverer vert drifta gjennom ein trygg og god hostingavtale, slik at løysinga di blir godt ivareteken.

Utviklingsteamet vårt hjelper deg blant anna med vedlikehald, vidareutvikling av løysinga og nye funksjonar. Og ikkje minst sikre at sida di er trygg.

Men det kan vere mange gode grunnar til at du ikkje lenger kan ha Mediebruket som leverandør. Vi vil berre at du skal vere kunde hos oss når du verdset dei tenestene vi leverer, og ikkje fordi du har signert på ein bindande avtale. Den dagen du ikkje lenger treng oss står du derfor fritt til avslutte forholdet, utan straffegebyr eller å måtte betale for framtidige tenester du ikkje får bruk for.  Vi har inga bindingstid.

Bærekraft og samfunnsansvar

Mediebruket AS deltek aktivt i lokalsamfunnet og vestlandsregionen der vi har hovedkontor. Vi har ei uttalt og innarbeidd haldning til at vi skal bidra til at plassen der medarbeidarane våre bur og arbeider skal vere ein god plass å halde til. I tillegg skal vi bidra til at barn og unge, i heile landet, aukar si digitale forståing og med det kan handtere si eiga rolle betre i det digitale samfunnet. Vi reduserer klimaavtrykket vårt så godt vi kan, og kjøper klimakvoter for å kompensere for dei utslippa vi ikkje kan unngå, sjå klimaregnskapen vår i Klimahub.
Les meir om samfunnsansvar
crossmenu linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram