Jobb i Mediebruket
Mediebruket er eit teknologibyrå som utviklar nettsider og andre digitale løysingar. Våre tilsette har kompetanse innan webutvikling, design, rådgjeving og prosjektleiing innan digitale tenester.
Sjekk gjerne ledige jobbar i karriereportalen vi har felles med vår hovudeigar Maksimer. Trykk også på «Connect» for å blli varsla om ledige jobbar i framtida.
Når vi ikkje har ledige stillingar, kan du gjerne sende ein open søknad til Mediebruket: Send nokre ord og CV til jobb@mediebruket.no, der du fortel kva du har gjort i livet som du trur kan vere til nytte hjå oss. Har du spørsmål kan du gjerne kontakte kven du vil av dei tilsette.
Om Mediebruket
Mediebruket har sidan oppstarten i 2009 stått for å skape og drifte over 500 løysingar, frå enkle nettsider til komplekse logistikk- og kundehandsamingssystem for kundar over heile landet. I dag er vi 7 tilsette, med ca. 70 hos vår hovudeigar og samarbeidspartnar, Maksimer.