Tilsette i Mediebruket. Foto.

Mediebruket søkjer to digitaldesignerar

Skaper du gode brukaropplevingar? Har du god kunnskap om universell utforming, digital design og er ein god kunderådgjevar? Søk vikariat hos oss!

Vi har frå 2026 ledig to årsvikariat med store sjansar for fast tilsetjing for erfarne digitaldesignerar, som kan hjelpe kundane våre med nettsider og andre digitale løysingar.

Din arbeidskvardag

I vårt tverrfaglege team vil du jobbe med eit breitt spekter av digitale tenester, og arbeidsdagen din vil vere variert. Du gjev råd til kundane våre og bidreg til å skape gode løysingar, mellom anna med WordPress som verktøy.

Dette er du god på

Du har solid erfaring frå webdesign, nettsideprosjekt og ei grunnleggande teknisk forståing. Du ønskjer å skape løysingar av høg kvalitet som gir gode brukaropplevingar og betre synlegheit. Det er positivt om du har erfaring med UX-design. Du må kunne kommunisere godt både på norsk og engelsk.

Vi tilbyr

Hos oss får du konkurransedyktige lønnsvilkår, fleksibel arbeidstid og attraktive frynsegoder. Desse stillingane er lagt til hovudkontoret vårt i PEAK Sunnfjord i Førde. Heimekontor ved behov.

Slik søkjer du

Fortel oss om eigenskapane dine og kvifor du vil vere med på laget vårt. Send søknaden din så snart som mogleg og seinast 17. november 2025. Vi behandlar søknadar fortløpande og tek kontakt for meir informasjon ved behov.

Vi gler oss til å høyre frå deg!