Arkiv, bibliotek og museum (ABM-sektoren) i Sogn og Fjordane satsar knallhardt på sosiale medier i tida som kjem.

Mediebruket har vore så heldig å få oppdraget med å lage til kurs over ti veker for 23 deltakarar. Kurset er utvikla av ABM-utvikling og er oppdatert og tilpassa av Mediebruket.

I løpet av dei ti vekene er det tre heildagssamlingar, medan resten av kurset blir utført på nett med arbeidsoppgåver og rettleiing frå kursleiar.

Emna er m.a.:

  • Blogg
  • Twitter
  • Nyheitsstraumar (RSS)
  • Biletdeling (Flickr, Picasa m.m.)
  • Podkast
  • Videodeling (Vimeo, YouTube m.m.)
  • Venestader, chat (Facebook, Origo, Google Buzz m.m.)
  • Søk, sosiale bokmerker
  • Wiki
  • Nettskya
  • Karttenester
  • Mashups
  • Trendar

Mediekameratane ved Golden Gate Bridge. F.v.: Anne Margrete Alværn, Anne-Mette Hjelle og Arild Nybø.

Mediebruket har vore med Mediekameratane på studietur i regi av IT-Forum Sogn og Fjordane i USA i San Francisco-området.

Turen var lagt opp av Innovasjon Norge sitt kontor der borte, med mange spennade bedriftsbesøk i Silicon Valley og San Francisco Bay-området på programmet.

5. februar heldt Arild Nybø i Mediebruket føredrag for 60-70 kulturarrangørar frå Vestlandet, hovudsakleg innanfor rytmisk musikk. Føredraget m.m. kan lastast ned her.:

Nyleg kom Twitter med ein ny funksjon for å lage lister som kan delast med andre. Eg sette i gang, og har laga ei liste med meir enn 300 tvittrarar i eller frå Sogn og Fjordane, dvs. folk med tilknyting til Sogn og Fjordane, som har ein profil på «mikroblogg»-tenesta Twitter.com.

twitter bird in real lifeDet finst mange fleire tvittrarar i og frå Sogn og Fjordane enn dette, men eg er rimeleg sikker på at eg har fått med meg dei fleste av dei som er mest aktive. Eg kan ikkje garantere at lista er feilfri, så om du står der og meiner du ikkje høyrer til der, kan du varsle meg på @arnybo på Twitter. Og er du på Twitter, men ikkje på lista, er det også fint om du varslar meg. Eg brukar nemleg m.a. denne lista når eg held kurs i sosiale medier i Sogn og Fjordane, og vil vise kursdeltakarane korleis dei raskt kan finne nokon å følgje.


Andre måtar å finne kjentfolk på

Andre lister er å finne på tvitre.no, der det førebels er lister for Sogndal og Førde, i tillegg til bransjelister og andre lister sortert på geografi.

Ein annan måte å finne kjentfolk på er å søke i twitter-meldingar på search.twitter.com, for å sjå kven som tvittrar om det du interesserer deg for. På SocialOomph kan du lagre mange ulike søkeord og få dagleg epostvarsel. Og på Twitter.com kan du søkje etter brukarnamn, føre- eller etternamn, eller firmanamna og merkenamn. Eller du kan få Twitter til å granske Gmail- eller Yahoo-kontoen din for å sjå om nokon av kontaktane dine er på Twitter.

For å finne folk kan du også prøve Tweepz.com og TweepSearch.com.

Når du først har funne nokon å følgje, så klikkar du på deira «Following» og «Followers» og ser kven dei følgjer og kven som følgjer dei. Så klikkar du «Follow» på dei du vil følgje, og dermed er du i gang med å byggje deg eit nettverk. Ver merksam på at å drive direkte marknadsføring / reklame på sosiale medier ikkje er særleg populært, det må gjerast litt meir elegant i så fall.

(Illustrasjon: Scott Hampson)

Frå midten av september til midten av oktober har Mediebruket i Førde vore heldig og fått mange spennande førelesingsoppdrag, om alt frå bruk av sosiale medier i konsernsamanheng, marknadsførimg og PR-/profilering via sosiale medier, til å fortelje om eigen forretningside.

På IT-forum Sogn og Fjordane sin Teknologikonferanse på Skei var temaet «Strategisk bruk av sosiale medier, med døme frå Sogn og Fjordane». Då representantar for Sogn og Fjordane Bondelag og Landbrukssamvirket hadde møte i Sogndal var temaet korleis aktørane i landbruket kan bruke sosiale medier til sin fordel.

På Folkelarm i Oslo var festivalleiarar samla, og då fortalde eg om korleis festivalane kan drive marknadsføring og PR-arbeid året rundt gjennom sosiale medier. Sogn og Fjordane Energi bestilte føredrag til konsernleiinga om  moment dei bør ha med i arbeidet sitt for å lage ein ny kommunikasjonsstrategi, og Lotteri- og stiftelsestilsynet fekk føredrag om sosiale medier og sette sjølv i gang umiddelbart med å prøve ut verktøya.

Siste førelesingsoppdrag hittil var i Førde, for Rotary. Temaet var uvant men svært kjekt: Her fekk eg høve til snakke i tre kvarter om Mediebruket og forretningsideen min, til ei godt vaksen og engasjert forsamling, frå eit breidt lag av samfunnslivet.

Alt i alt har det vore ein månad med eit stort spenn i innhald på førelesingane, som også har gjort at eg har måtta oppdatere meg fagleg på alle emne eg har snakka om. Utviklinga går fort på nettet, og mykje av den kunnskapen eg hadde tileigna meg før sommaren i år, måtte reviderast i haust. Men du så artig det er !

Sjå også tilbakemeldingar og referansar.

Mediebruket Arild Nybø starta som eit enkeltmannsføretak i 2003, og tok hovudsakleg oppdrag med scanning av bilete og nyofotografering til kulturhistoriske bøker som Selja Forlag gav ut.

I 2009 vart Mediebruket AS oppretta med føremålet:  «Utvikling av internettjenester, konsulentvirksomhet, rådgivning og
annen virksomhet i tilknytning til dette. Selskapet skal også kunne investere i andre selskaper.»

Når eg har halde førelesingar om bruk av sosiale medier for organisasjonar og bedrifter får eg ofte spørsmål om korleis dei bør moderere kommentarar som kjem på f.eks. bedriftsblogg. Mitt svar er at det lettaste er å lage synlege retningsliner på forumet/bloggen, slik at når nokon går over streken så kan de vise til brot på reglane.

Les blogginnlegg med framlegg til reglar.

IT-forum Sogn og Fjordane sin Teknologikonferanse vart avvikla 23. og 24. september 2009, og Mediebruket var blant føredragshaldarane. Her er litt materiell frå konferansen:

PRESENTASJONAR (PDF):

FOTO:
Foto tekne av Arild Nybø, mediebruket.no

BLOGGING:
Eva 2.0 om konferansen

TWITTER:
Twittring med #itsfj

FACEBOOK:
it-forum Sogn og Fjordane

Tysdag 22. september heldt eg føredrag om sosiale medier for Samarbeidsrådet for landbruket i Hordaland og Sogn og Fjordane. Dei som deltok kan nedanfor finne lenkjene til dei viktigaste teneste som vart omtala:


Facebook – la brukarane finne deg på Facebook, og del godbitar med dei og venene dine. Inviter til tilskipingar, fanesaker osv.

Origo.no (med lokalsoner og mange tusen temasoner som du finn via søk og når innlegg dukkar opp på lokalsonene). Her kan du blogge, dele bilete, skrive innlegg på soner eller eigen profil, marknadsføre hendingar i kalenderen og bygge ein krets. Torget på NRK Sogn og Fjordane er mykje det same (men her er brukarane ofte anonyme, og det er mange usaklege kommentarar.)

YouTube – del video med heile verda og lim dei inn på bloggen og på Facebook..

Flickr – del foto med heile verda.

MySpace – mykje brukt for å dele kulturproduksjon i lyd og video.

LinkedIn – legg ut CV’en, meld deg inn i relevante fagnettverk. Del det du publiserer i andre nettverk, t.d. blogg.

Twitter – mikroblogging. Finn autoritetar på ditt fagfelt, og bygg opp eit verdsomfemnande nettverk. Del faglege tips og erfaringar. Bruk gjerne engelsk, og følg andre før du prøver sjølv.

Blogger.com er Google si bloggeteneste. Få deg epostkonto på Gmail, bruk docs.google.com til å dele dokument og samarbeide.  WordPress er også svært utbreidd.

Digg.com, Del.icio.us og StumbleUpon – samle og del bokmerke med andre (peikarar til relevante nettstader innanfor eit fagområde).

Søkjeverktøy:

google.com/alert – søkjer på alt på nettet, eller du kan avgrense til enkelte innhaldstypar.

socialoomph.com – verktøy for å søkje i twitter-meldingar. Prøv også tweetscan.com.
Har du spørsmål? Skriv dei gjerne nedanfor, så skal du få svar raskt, eller kontakt meg her.

Meir inspirasjon:

Her er 100 andre sosiale medier. Sjekk dei ut, og søk på emne eller personar du er interessert i.

Og her er fleire argument for kvifor du bør lære deg sosiale medier. Vil du ha endå meir? Sjekk ut denne sida.

I eit enkeltståande føredrag vert det ikkje høve til å gå i djupna på strategiar. Føredraget er meint som inspirasjon for å setje seg ytterlegare inn i fenomenet «sosiale medier». Strategi er tema på eit heildagskurs som eg skal halde seinare i år. Men for dei som vil kome i gang med å lage ein strategi for bruk av sosiale medier i jobben, kan eg tilrå Chris Brogan sin blogg.

Klikk her for å laste ned ein komprimert versjon av førelesinga.

Mediebruket fekk det gledelege oppdraget med å opprette og drive ei sone for Førdefestivalen 2009 på Origo.no: fordefestival.origo.no for å gje publikum, artistar og andre besøkande høve til å dele minne og tankar frå festivalen. Sona vart oppretta i festivalveka, og dagen etter festivalen var det over 100 bilete og 25 innlegg på sona. Det er bra for å vere ein såpass ung nettstad.

Vi har også hatt oppdraget med å dekke Førdekonferansen 2009 for festivalen, og å opprette og drive Twitter-tenesta twitter.com/fordefestival under festivalen. Twitter-tenesta fekk raskt kring 100 medlemmer, og fleire av deltakarane på festivalen sende meldingar. Frå før har festivalen ei gruppe på Facebook, og saman med dei offisielle nettsidene til Førdefestivalen gjer dette at merksemda kring festivalen vert mangedobla.

Nettadressene til dei sosiale mediene vart trykt opp og delt ut på kort i visittkortstorleik under festivalen, og det vart i tillegg hengt opp plakatar med oppmoding om å bruke dei sosiale mediene. Neste år vil truleg bruken av slike medier vere endå meir innarbeidt enn i år, og dermed bidra til endå meir «buzz» kring festivalen.