Hendug Bygg referanseprosjekt

Hendug Bygg

Hendug bygger arkitektteikna og unike hytter og hus av høg kvalitet i heile Hallingdal. Då dei bestemte seg for å gjere eit redesign av nettstaden for å få fram kvalitetane sine, ser vi det som eit kvalitetsstempel for Mediebruket at dei valde oss som leverandør.

Kunde
Hendug Bygg

År
2024

Nettstad
hendug.no

Hendug bygger både i reisverk og tømmer (laft/ stavlaft), samt restaurerer tømmerbygg og monterer innreiing som t.d. kjøkken og bad. Om seg sjølv skriv dei: «Hendug tyder flink med hendene, praktisk, (nett)hendt, ein h- kar/ dame og Hendug sin visjon er: Dei beste folka i Hallingdal til å bygge unikt, godt og framtidsretta.»

Mål og framdrift

Arbeidet med den nye nettstaden tok til i januar 2024, der vi først tok ein gjennomgang av Hendug sine mål og ønskjer for nettstaden. Hendug hadde sjølv gjort eit grundig forarbeid i å ha ein definert visjon og misjon, samt etablert målgrupper og personas ut i frå desse. Dette danna eit godt grunnlag for det vidare arbeidet, og vi formulerte ein framdriftsplan der vi satte eit mål for ferdigstilling og lansering.

Side- og innhaldsstruktur

Innhaldet på den eksisterande nettstaden var av høg kvalitet både gjennom tekst og bilder, men hadde eit potensiale i korleis det vart presentert og strukturert på nettstaden.

I første fase av prosjektet tok vi derfor ein grundig gjennomgang av eksisterande side- og innhaldsstruktur, og jobba med å gjere denne meir mottakarorientert. Her la vi vekt på kva bodskap Hendug ønska å få fram, og tidlegare brukaratferd som vi fekk innsikt i gjennom besøksstatistikk.

I tillegg la vi fokus på å gjere brukarreisa så knirkefri som mogleg. Vi korta ned sidetalet, men oppretta også nye sider for spesifikt innhald der det var hensiktsmessig.

Utvida fargepalett og design

Vi tok utgangspunkt i paletten til den opprinnelege nettstaden og laga ein utvida palett der vi i større grad tok i bruk blå- og gultonar, utan at dette skulle ta merksemd frå innhaldet og bodskapen.

Vi ønskte at designet skulle vere luftig, moderne og understreke den kvaliteten Hendug Bygg har i arbeidet dei gjer, der dei flotte bileta frå prosjekta fekk ein viktig plass.

Universell utforming

Ein nettstad skal vere tilgjengeleg for alle, og undervegs la vi fokus på å tilfredstille tilgjengelegheitskrav. Vi sørga for at kontrast er høg nok, at bilder er forståelege også for dei som nyttar leseverktøy, og at nettstaden er enkel å navigere med tastatur.

Personvern

Gjennom prosjektet har vi hatt i bakhovudet å ikkje samle meir informasjon enn strengt nødvendig, då det ikkje er eit behov for dette. Nettstaden brukar derfor ingen unødvendige informasjonskapslar (cookies) og samlar ikkje inn IP-adresser gjennom kontaktskjema. For skjema vart det også aktivert automatisk sletting av oppføringar etter 100 dagar.

WordPress som CMS

WordPress vart valt som publiseringssystem (CMS) fordi Hendug kjenner systemet frå før, og fordi det gjev mykje for pengane. Det vil seie at måla kunne nåast gjennom designet og ved å bruke innebygd funksjonalitet i WordPress og tilleggsprogramvare.

Nettstaden er drifta på Mediebruket sine serverar, der den gjennomgår regelmessige oppdateringar. Vi sørga for installasjon av SSL-sertifikat. optimalisert av ytelse slik at sidene lastar raskast mogleg, implementering av sporingsverktøy (Matomo) og ikkje minst at nettstaden og bruken av den er innanfor lovkrava til personvern.

Godt innhald viktig

Bildene og tekstane underbygger visjonen til Hendug om å ha dei beste folka i Hallingdal til å bygge unikt, godt og framtidsretta. Dette har Hendug sjølv gjort ein formidabel jobb med. Og ikkje minst: Dei fekk også produsert ein flott video som understrekar alle desse kvalitetane, sjå under «Bli kjend med Hendug» nede på denne sida.