Lotteri- og stiftelsestilsynet

Lotteri- og stiftelsestilsynet valde hausten 2025 på ny Mediebruket som leverandør for vidare drift, forvalting og vidareutvikling av nettstadane lottstift.no og hjelpelinjen.no. Oppdraget omfattar to viktige nettstader med høge krav til stabilitet, tryggleik, universell utforming, personvern og redaksjonell fleksibilitet.

Kunde
Lotteri- og stiftelsestilsynet

År
2025

Nettstad
lottstift.no og hjelpelinjen.no

Av Arild Finne Nybø, dagleg leiar i Mediebruket

Lottstift.no er hovudkanalen til eit statleg tilsyn med breitt samfunnsoppdrag, medan hjelpelinjen.no er ei teneste for menneske som treng lågterskel informasjon og hjelp knytt til speleproblem.

Mediebruket tek no over ansvaret for vidare drift, forvalting og vidare design og utvikling i inntil seks år, etter å ha vunne anbodet. Vi kjenner løysingane og kunden godt frå før: Mediebruket var også leverandør for Lotteri- og stiftelsestilsynet frå 2011 til 2019.

Bjørn Leirdal. Foto: Dagrun Reiakvam.

KOMMUNIKASJONSRÅDGIVAR: Bjørn Leirdal i Lotteri- og stiftelsestilsynet.
Foto: Dagrun Reiakvam.

— Mediebruket kjenner vi godt som leverandør då vi har samarbeida i fleire år tidlegare. Dei har høg kompetanse og vi er trygge på at dei vil levere trygg drift og samtidig kunne hjelpe med å vidareutvikle nettstadane våre, seier senior kommunikasjonsrådgivar i tilsynet Bjørn Leirdal.

Krav til trygg og berekraftig drift

I tilbodet vårt la vi vekt på at Lotteri- og stiftelsestilsynet skal få ein leverandør som kombinerer solid teknisk drift med praktisk rådgiving, rask support og god forståing for offentlege krav.

Vi har lova å levere:

  • stabil og sikker drift av lottstift.no og hjelpelinjen.no
  • løpande vedlikehald, oppdateringar og feilretting
  • brukarstøtte og tydelege responstider
  • testmiljø, dokumentasjon og kontrollert endringshandtering
  • rådgiving om vidareutvikling, brukaroppleving, universell utforming og tekniske val
  • trygg handsaming av data innanfor EU/EØS
  • rutinar for varsling, logging, tilgangsstyring og sikkerheitsoppfølging
  • vidareføring av ei løysing som er redaksjonelt brukarvenleg og robust over tid

Tydelege og omfattande miljøkrav

Det som særleg skilde denne konkurransen frå mange andre offentlege anbod, var dei tydelege miljøkrava til drift og infrastruktur. Lotteri- og stiftelsestilsynet stilte krav om dokumenterbar, energieffektiv drift, mellom anna gjennom krav til låg PUE-verdi og svært høg del fornybar energi. Dette var ikkje berre eit generelt ønske om «grøn hosting», men konkrete krav leverandørane måtte kunne svare på.

For oss handlar berekraftig teknisk drift av nettstadar både om kvar løysinga blir drifta, korleis infrastrukturen er bygd opp, og kor mykje ressursar nettstaden faktisk brukar. Difor kombinerer vi energieffektiv serverdrift med nøktern ressursbruk, god teknisk arkitektur, vedlikehaldte løysingar og kontinuerleg optimalisering. Målet er at nettstadene skal vere raske, trygge og tilgjengelege – utan unødvendig energibruk.

— Anskaffingsregelverket stiller klare krav til klima og miljø og det var viktig for oss å følgje desse i anbodskonkurransen. Eg veit ikkje om vi var først ute med å stille så tydlege klima- og miljøkrav til drift av server for nettstadar eller andre IKT-løysingar, men vi greidde ikkje å finne andre som har gjort tilsvarande. Vi opplevde dessutan at ikkje alle leverandørar greidde å levere dokumentasjon på desse krava, seier Leirdal.

Om Lotteri- og stiftelsestilsynet

Lotteri- og stiftelsestilsynet er eit statleg forvaltningsorgan med ansvar for pengespel, lotteri, stiftelsar og tilskotsordningar for frivillig sektor. Tilsynet har ei viktig samfunnsrolle: Dei jobbar for at færre skal oppleve speleproblem, at det skal bli enklare å drive frivilligheit, og at stiftelsane skal tene formåla sine.

Gjennom tilsyn og kontroll, forvaltning av pengestraumar, kunnskapsbygging og rettleiing er Lotteri- og stiftelsestilsynet ein sentral aktør for både organisasjonar, stiftelsar, speltilbydarar og enkeltpersonar. Det gjer nettstadene deira særleg viktige. Lottstift.no er ein sentral kanal for informasjon, rettleiing, regelverk og sjølvbetening, medan hjelpelinjen.no er ei lågterskelteneste for menneske som treng informasjon og hjelp knytt til speleproblem.

For Mediebruket betyr dette at drift og vidareutvikling ikkje berre handlar om teknologi, men om å sikre stabile, trygge og tilgjengelege digitale tenester med reell samfunnsverdi.

Lang og brei erfaring med nettstadar

Mediebruket har sidan starten i 2009 utvikla og drifta fleire hundre digitale løysingar for offentlege og private verksemder. Vi driftar i dag over 400 nettstader, og har lang erfaring med kundar som stiller strenge krav til oppetid, personvern, universell utforming og sikkerheit.

For Lotteri- og stiftelsestilsynet betyr dette ein leverandør som både kan ta ansvar for dagleg drift og vere ein aktiv rådgivar i vidareutviklinga av nettstadene. Vi er stolte over å få tilliten tilbake – og over at tilbodet vårt vann fram i ein konkurranse der både kvalitet, tryggleik og miljøkrav var avgjerande.