Merkur-programmet

Merkur-programmet starta i 1995 og byggjer på tanken om bygdeutvikling gjennom butikkutvikling. Dette er eit utviklings- og kompetanseprogram som også gir tilskot til butikkar med liten omsetning og stor avstand til neste butikk.

Kunde
Distriktssenteret – Kompetansesenter for distriktsutvikling

År
2021–2022

Nettstad
merkur-programmet.no

Kunden si utfordring

Innhaldsmengda på nettstaden dei hadde frå før hadde vakse kraftig dei siste åra, og var delt inn i ei lang rekkje kategoriar under lange undermenyar. Publiseringssystemet var Squarespace. Det var viktig for kunden å gjere nettstaden meir oversiktleg, og dermed gjere det lettare for dei besøkande å finne alt det nyttige innhaldet. Hovudmålgruppa for nettstaden var kjøpmenn i distrikta.

I tillegg til at nettstaden skulle hjelpe og inspirere kjøpmenn, og vise kva verktøy Merkur-programmet kunne tilby, så ønskte kunden at den nye nettstaden skulle bidra til at programmet mottok fleire riktig utfylte søknadar om pengestøtte.

Det var også eit krav at nettstaden skulle vere universelt utforma, og at innhald som var utgått på dato automatisk skulle fjernast.

Slik løyste vi det

Oppdraget med å designe og utvikle dei nye nettsiden var lyst ut i ein offentleg anbodskonkurranse, som Mediebruket vann.

Vi valde å foreslå WordPress som publiseringssystem, drifta på våre eigne serverar. Dermed har vi full kontroll på korleis serveren er konfigurert for å gje maksimal ytelse på nettstaden slik at sidene lastar raskt. Dette er viktig både for rangeringa hos søkjemotorane, og ikkje minst for at den besøkande ikkje skal navigere vidare utan å ha fått sett alt innhaldet som er på ei nettside.

Tidleg i prosjektfasen gjekk vi i gang med å utvikle den nye informasjonarkitekturen, og deretter lage grovskisser for korleis dei nye sidene kunne designast. Med oss på designarbeidet hadde vi Stine Bortheim, som ga nettstaden eit flott og moderne uttrykk. Vi arbeidde ut frå prinsippet om «mobil first», det vil seie at sidan målingar viser at stadig fleire av besøka på nettstaden skjer frå mobiltelefon, så skulle alt innhaldet på nettstaden vere tilgjengeleg på dei dataplattformene. Deretter vart designet utvida til også å omfatta større dataskjermar.

Som prosjektverktøy undervegs brukte vi Basecamp.

Sidan det var store mengder innhald som skulle flyttast og strukturerast sette vi opp ein eksport av innhaldet frå den gamle til den nye nettstaden. Sidene vart deretter gjennomgått manuelt for å formattere innhaldet på nytt. Menyane vart sett opp på ein meir oversiktleg måte, og mange av inngangane til dei ulike kategoriane med innhald vart flytta inn på det som blei hovudsidene for dei ulike emna.