Nettstaden er bygd for å gjere det enkelt å finne fram – anten du er privatperson med eit akutt behov eller næringsdrivande på jakt etter ein fast juridisk sparringspartnar. Dei ulike fagfelta er presenterte med tydelege inngangspunkt, og kvar advokat har si eiga side der besøkjande kan lese om bakgrunn og kompetanse.
Fargepaletten er henta frå den eksisterande logoen, og designet er lagt opp for å gi eit seriøst og tillitvekkjande uttrykk – i tråd med kva ein ventar seg av eit etablert advokatkontor.




