Verdsett

Verdsett er et nyetablert firma på Sandane som driv med takst og tilstandsvurdering i Nordfjord og Sunnfjord.

Kunde
Verdsett AS

År
2022

Link
verdsett.no

Samarbeidspartnar
Univerket

Kunden si utfordring

Då Verdsett er ei nyetablert bedrift, er deira største utfordring å skape ei sterk merkevare og auka synlegheit hos potensielle kunder i områda Sunnfjord og Nordfjord. Noko av det viktigaste var dermed å få på plass ein nettstad som skapar synlighet, gir eit godt heilheitsinntrykk og som bidreg til nye kundeforhold.

I prosessen med å skape nye kundeforhold ønska Verdsett å minske barriera mellom kunde og bedrift, slik at det var enklest mogleg for kundane å bestille tenestene direkte på nett.

Korleis løyste vi det?

Mediebruket har satt opp ein ryddig og brukarvenleg nettstad til Verdsett. Då Univerket står for logo og designprofil, jobba vi tett saman med dei i henhold til webdesign. For å gjere barriera mellom kunde og bedrift minst mogleg, utvikla vi eit bestillingsskjema med kalenderfunksjon. Denne funksjonen gjer det enkelt for kunde å bestille Verdsett sine tenester, samtidig som det skapar tidleg dialog mellom kunde og bedrift.

Brukarvenleg oppsett

Ein viktig del av nettstaden har vore brukarvenlegheit og kundereise. Fokuset låg dermed på å bygge ein enkel og ryddig nettstad, med kort og konkret informasjon. For brukarane som ønsker meir informasjon, er det enkelt å klikke seg vidare for meir og/eller for bestilling av ein teneste.

Full kontroll og god kundeoppleving med stegvis bestillingsskjema

Mediebruket satt opp bestillingsskjema for tilstandsrapport, verditakst og andre tenester. I dette skjemaet kan kunden gjennom ein stegvis prosess huke av for ulike alternativ basert på deira behov. Ut frå behova som blir avdekka, blir det til slutt oppgitt ein total kostnad ved valte tenester.

Vidare kan kundane enkelt velge deira føretrekte avtaletidspunkt gjennom ein integrert kalenderoversikt, som gir ei god oversikt over ledige tidspunkt på ulike datoar. Når bestillingsskjemaet sendast inn, får både kunden og Verdsett ei automatisk e-poststadfesting på den nye avtalen. Målet med dette skjemaet er å gi Verdsett full kontroll over alle bestillingar som kjem inn, samtidig som kunden som får ei god oppleving i kjøpsprosessen.