Samfunnsansvar

Mediebruket AS deltar aktivt i lokalsamfunnet og regionen der vi har hovudkontor.

Korleis bidrar vi?

Vi har ei uttalt og innarbeidd haldning til at vi skal bidra til at staden der medarbeidarane våre bur og jobbar skal vere ein god plass å vere.

I tillegg skal vi bidra til at barn og unge, i heile landet, aukar si digitale forståing og med det kan handtere sin eiga rolle betre i det digitale samfunnet.

Og sjølvsagt: Vi kompenserer for klimaavtrykket vårt, og kjøper klimakvoter for å kompensere for dei utslippa vi ikkje kan unngå. Utviklingsteamet vårt hjelper deg blant anna med vedlikehald, vidareutvikling av løysinga og nye funksjonar. Og ikkje minst sikre at sida di er trygg.Men det kan vere mange gode grunnar til at du ikkje lenger kan ha Mediebruket som leverandør. Vi vil berre at du skal vere kunde hos oss når du verdset dei tenestene vi leverer, og ikkje fordi du har signert på ein bindande avtale. Den dagen du ikkje lenger treng oss står du derfor fritt til avslutte forholdet, utan straffegebyr eller å måtte betale for framtidige tenester du ikkje får bruk for.  Vi har inga bindingstid.

Sponsing

Våren 2019 gjekk vi inn som partnar og sponsor for det idealistiske prosjektet til IKT Norge: Lær Kidsa Koding! Dette er ei frivillig rørsle, og tiltaket vil hjelpe dei unge til å ikkje berre bli bevisste brukarar, men også skaparar med teknologien som verktøy.

Bedrifta bidrar også fast økonomisk til det breie idrettsarrangementet Bystien Førde Opp, til VM i vektløfting i Førde i 2025,  og var sponsor for EM i vektløfting i Førde. Vi har også m.a. sponsa drifta av nettsidene til tre idealistiske e-sport-klubbar.

«Paying it forward»

Det viktigaste er kanskje at vi har ei transparent bedrift, og prøver å halde dørene opne for alle som ønsker å kome på besøk for å få råd og lære. Vi har hatt fleire titals besøk frå gründerar og andre etablerarar som ønskjer råd og rettleiing, og frå ungdom som ønsker å utdanne seg innan vår bransje.

Lærlingar og traineear

Vi har tatt inn utplasseringselevar og studentar frå ungdomsskule, yrkesskule og høgskule, som har fått opplæring og arbeid hos oss i kortarar og lengre perioder. I både i 2018 og i 2020 tok vi inn to nyutdanna personar gjennom programmet Framtidsfylket trainee, og i 2020 tok vi inn ein lærling frå vidaregående skule.