Eivind Eikeset Birkedal (til venstre i biletet) og Christian Vazquez Hope. Portrettfoto.

Kontor på hi sida av jorda og to nye medarbeidarar

Eivind Eikeset Birkedal og Christian Vazquez Hope vart i starten av 2024 tilsett som nye medarbeidarar i Mediebruket. Begge har solid erfaring med alle dei digitale tenestene som byrået leverer. Den eine har sin daglege arbeidsplass i Nordfjord, medan den andre bemannar avdelingskontoret «down under» inntil vidare.

I dag driftar Mediebruket kring 400 store og små nettstadar, i alle storleikar og av all slags kompleksitet, frå enkle nettsider som fungerer meir som «visittkort», til store og avanserte nettstadar. Dessutan tilbyr Mediebruket tenester som naturleg høyrer til, som digital marknadsføring, universell utforming, ivaretaking av personvern, og produksjon av innhald.

Godt kvalifiserte søkjarar

– Eg er svært glad for å få både Eivind og Christian med på laget, seier dagleg leiar Arild Finne Nybø i Mediebruket. Dei to var blant 16 søkjarar til stillingane.
– Dei aller fleste var godt kvalifiserte. Vi hadde ei litt rund formulering i utlysinga ved å kalle stillingane for «Prosjektleiarar for utvikling av digitale løysingar», for dermed å sjå kva relevant kompetanse søkjarane kunne skilte med innanfor alt det som Mediebruket driv med. Og vi vart ikkje skuffa.

Hjelper webredaktørar med å følgje lova

Eivind Eikeset Birkedal får sitt daglege virke på Sandane. Han har dei siste åtte åra arbeidd i helse- og utviklingsindustrien for oppstartsselskapa PatientSky og Uniscale. Der har han jobba med programvaretesting, implementering og kommunikasjon, for å tilpasse produkta best mogleg til brukarane sine behov. Han har eit breitt spekter av tekniske ferdigheiter, frå utvikling av nettsider til medieproduksjon, og organisasjonsutvikling.

I Mediebruket er Eivind alt godt i gang med å hjelpe kundane til å bruke nettstadane på best mogleg måte, og har i desse dagar særleg fokus å hjelpe dei å halde seg innanfor lovene og ivareta personvernet til dei som klikkar seg inn. I mars vert personvernlovene i EU ytterlegare skjerpa, noko som alle nettstadeigarar må ta omsyn til.

 «Avdelingskontor» på hi sida av jorda

Christian Vazquez Hope er den andre som vart tilsett i starten av 2024. Han har 10 års erfaring frå byrå i Oslo der han har arbeidd som digitalrådgjevar og designar for kjende aktørar og merkevarer som Patentstyret, Meny, ARK Bokhandel og Handelshøyskolen BI, for å nemne nokre. Han har også lang erfaring med å lage animasjonar til bruk på nettstadar, og til skjermar på messer, kollektivtransport og utandørsannonsering.

I Mediebruket vil han vere ei såkalla digital potet, og arbeide i alle forretningsområda til selskapet. Christian bur i Australia og arbeider derifrå fram til mai. Deretter kjem han til Sunnfjord.

Med dei to nytilsette tel staben no 7 personar. I tillegg leiger Mediebruket inn ressursar frå moderselskapet Maksimer på større prosjekt, til utvikling av nettbutikkar, eller når det trengs spesialkompetanse. Hovudkontoret til Mediebruket er i Førde, og det er avdelingskontor på Sandane, på Voss, og altså inntil vidare ein medarbeidar i Australia. Mediebruket arbeider også ut frå hovudeigar Maksimer sine kontor i Bergen og Oslo, og er såleis representert også der.

– Aukande etterspurnad

– Vi har halde på i 15 år, sidan januar 2009, og etterspurnaden har svinga i desse åra. Men vi merkar ein aukande etterspurnad no, etter både små og store nettstadar, etter at vi hadde ein liten dupp i samband med pandemien, seier Nybø. 

Blant dei større nettstadane er til dømes søknadsbehandlingsløysingar som store bankar og stiftingar brukar til å ta imot og behandle søknadar om midlar til allmennyttige føremål, og nettstadar med store mengder innhald, som til dømes nettstadane Mediebruket utvikla for dei 12 musea til Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane.

Mange av nettstadane er det reklamebyrå som Mediebruket samarbeider med som har utvikla, der A til Å Grafisk Design & Media i Florø, Frequency i Måløy og på Nordfjordeid, og Mediehuset Hallingdølen er blant dei mest aktive. Dei har teke seg av designet, medan Mediebruket står for det tekniske.

Resten av staben i Mediebruket våren 2024 er, frå venstre, Arild Finne Nybø, Bernt Jacobsen Standal, Håvard Grimelid, Guro Bryn Høgheim og Oda Holmelid Sandvik.
Resten av staben i Mediebruket våren 2024 er Arild Finne Nybø, Bernt Jacobsen Standal, Håvard Grimelid, Guro Bryn Høgheim og Oda Holmelid Sandvik.